Hundreårsmarkering for Astrid Krog Halse

Astrid Krog Halse. - Dette bildet tok eg av mor i 2006. Då var ho 92 år, seier sonen Helge Halse.

 

25. januar er det hundre år sidan Meldals store lyrikar Astrid Krog Halse vart fødd. Det vert markert med utstilling og arrangement på Meldal Folkebibliotek.


24.01.2014 -
Kategori: Kultur

- Det var jo lærar ho var. Lærar og mor, seier sonen Helge Halse om mor si. - Diktinga hennar gjekk føre seg i det stille - det var ikkje noko vi barna tok del i den gongen. Ho skreiv nok i stille stunder - kanskje om kveldane når resten av huset sov, seier han.

Foreldra til Astrid var lærerparet Anna og Olav Krog som bodde på Å i Meldal. Dei fekk i alt seks barn: Magnhild, Ingeborg, Astrid, Jo, Ellen og Kirsten. 

Astrid gjekk på husflidskole i Oslo og sidan på Nesna lærerskole i Nordland. Ho gifta seg med Kåre Halse, som og var lærar. Etter nokre år i Meldal og i Hommelvik, flytta dei til Strindheim hageby og i 1955 i eige hus like ved. Astrid var fra då av lærarinne ved Strindheim skole til ho vart pensjonist. Astrid og Kåre fekk tre barn: Liv, Helge og Kai. Kåre Halse døydde i 1993.

- Korleis var ho, mor di, Helge Halse?

- Ho var ei veldig god mor, først og fremst. Ei snill, intelligent, humoristisk og klok mor. Og så var ho jo lærar. Ho tok oppgåvene både som mor og som lærar alvorleg. Det var det som var livet, på sett og vis.

- Men de ungane visste at ho skreiv dikt?

- Ja, vi visste jo det, men det var liksom ikkje noko vi forsto så mykje av på den tida, fortel Helge Halse. 

Tidleg interessert i litteratur
Astrid fortalde til ungane sine at far hennar, Meldalssongens far Olav Krog, presenterte vaksen litteratur i heimen allerede medan barna var små, og ho fekk tidleg sans for dikt og songtekster.

Astrid leverte enkelte dikt til Dagbladet og skuespill til skolekringkastinga i NRK. Ho ga ut den første diktsamlinga "Marimesse" i 1961, altså først da ho var 47 år. Ho skrev i alt elleve diktsamlinger, nokre av dei var utgitt privat. Ho las sjølv fleire av tekstene sine i "Ønskediktet" medan dette programmet gjekk i NRK. Astrid Krog Halse fikk Meldal kommunes kulturpris i 1998. "Målet hennar mor", dikt i samling, kom på eit lokalt forlag i 2000.

- Men mor dikta i det stille og samtidig med at ho skjøtta vanlig lærarjobb og tok vare på familien. Diktestedet hennar var ein liten kontorpult, og mesteparten tenkte ho nok ut i ledige små stunder før ho skrev ned diktene med stødig håndskrift, fortel Helge Halse.

Dikta på Meldals-mål
- Mor sa sjølv ho så gjerne ville skrive på Meldals-mål for å bidra til å bevare denne dialekten. Ho snakka sjeldan om innholdet i diktene, enten dei var muntre barneregler, naturopplevelser eller hadde eit mørkare tema, ikkje sjeldan i eg-form. Ho snakka helst om diktene som inneholdt historiske eller kvardagslige hendinger frå Meldal, for eksempel "Storofsin", om ein av flommane i dalføret.

- Mor vår beholdt god kontakt med fleire meldalinger i åra på Strindheim, og familien hadde faste påske- og sommarferier på Krokbekkhaugen ved Resvatnet. Der traff ho og vi barna mange av søstrene hennar familiane deira - og sjølvsagt andre fra Krog/Snoenslekta.
Mange av dikta hennar har jo og tema frå Resdalen, fortel Helge Halse på vegne av de tre barna til Astrid Krog Halse.

- For eiga rekning må eg seie at eg sett pris på alle som har tonesett mor mi sine dikt opp gjennom åra. Det har gikk dikta nytt og større publikum. Og på vegne av Liv, Kai og meg vil eg seie takk for dem merksemda mor Astrid og dikta hennar får no ved hundreårsjubileet, avslutter Helge Halse, son til Astrid Krog Halse.

Programmet for arrangement i biblioteket laurdag 25. januar finn du her Astrid Krog Halse 100 år 

AMS

2002 10 astrid krog halse Foto Kjell A. Olsen AdresseavisenAstrid Krog Halse i 2002. Foto: Kjell A. Olsen Adresseavisen. 

Fra Wikipedia:
Astrid Krog Halse (født 25. januar 1914 i Meldal, død 7. februar 2007 i Trondheim) var lærer og lyriker, kjent for sine dikt på Meldalsmål.
Mange av diktene er gode kilder til dialekt og historie i Meldal, og de fleste diktene har tema fra tida hennes der. Diktene varierer mellom naturskildringer, dystre eller muntre historier, regler eller personlige tema. Diktene har bundet, taktfast form og har inspirert mange musikere til tonesettinger.

2000 Målet hennar mor (dikt i samling)
1994 Gardgras
1982 Medaldal med segn og soge
1975 Myrull
1974 Ante i Åsa, barnedikt
1973 Storofsin
1970 Dolsi Dalom
1969 Oska og elden
1968 Hemmeligheten, skuespill for sanitetsforeningenes barneavdelinger
1968 Prinsessen som ikke ville spise, skuespill for sanitetsforeningenes barneavdelinger
1968 Trettondagskvelden
1966 Gull over gråstein
1964 Løssinatta
1961 Marimesse

 

Tonesettinger (utvalg)

2013: Marthe Belsvik Stavrum, Eg siglar min båt. Hjemmeside MBS
2012: Heidi Skjerve, 4 toneesettinger, 3 på CD Vegen åt deg. Hjemmeside HS
2008: Wenche Hovstein Olsen, 5 tonesettinger
2004: Karstein Mauset, 4 toneesettinger på CD Bastuba (med Perikom).
2003 - 2005: Gåte, i alt 6 toneesettinger på CD'ene Gåte, Jygri og Iselilja
1990? Ronny Kjøsen, 3 tonesettinger
1985 - 1990: Laila Fagerhaug Grut, i alt 23 tonesettinger, de fleste på kassettene Låt og Olåt, Kåsså Råsså og Ante i Åsa
1982 - 1985: Tor Haldberg, 22 tonesettinger
1970 - 1979: Per Hjort Albertsen, 8 tonesettinger, 5 på CD Selected Works i 2013
1970: Geir Tveitt, Eg møte deg alder, på CD Tonen med Birgitte Grimstad. Hjemmeside BG
1964 - 1976: Sigmund J. Stai, 7 tonesettinger
1961: Paul Okkenhaug, No kime´alle klokkun

 Red: AMS

 

Annonser