Bjørka - vakker og nyttig

 

Det fins knapt et finare tre i norsk skog enn ei kvitlegga bjørk.


27.01.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Dette treet har vore inspirasjon til mange dikt. Og det set sitt preg på naturen både sommars og vinters tid. Men bjørka har og gjennom tidene vore til stor nytte for både folk og dyr.

 

Bjørkstammen . Leggen

Renningener knapt alna lang før han kan nyttast til ei vi’. Av dette kunne det lagast ein liten nesting til eit kuband. Vart han enda litt lengre, var det emne til ein hyld-nesting, eller bjølle-klave for sau, eller kalv.Renningen vart snart lang nok til at du kunne skjera deg ei dugeleg svei, pisk, eller ryidd til bruk i gjetleskoga.

Ein lopp-svei var og av same dimensjon. To slike låg hendt til i svalganga på ei hylle, eller på eit par treknaggar. Dei vart brukte på skinnfelden når han var ute til luftings kvar laurdag. Det klapp godt når to tauser slo kvar sin gong på kvar si side, helst når felden var noko snauslitti, Ein kunne høyre det over heile grenda når pundfelden fekk ein slik rundjuling.

Noko tjukkere i veksten vart renningen emne til ein luggum stav. Ein tørr, bein bjørkstav var sterk nok til å stø seg på, og ein staseleg kamerat. Vart ein stav gjort av eit kviståt og ikkje heilt beint emne, vart det ein lurk, ein rank, eller ein pøk. Vart det attpåtil litt grovare og tyngre, så var det ein palmar og var luggum som overj, t.d. om du møtte ein folkvond okse i utmarken. Eit odyr måtte gje seg etter ein velretta dask av en palmar.

 

Rota - tåga

Ei bjørk har lange, seige og mjuke tæger. Desse er lette å klyve og vart nytta som band når ein ljå skulle skjeftas til orvet (ljå-tåg), eller når ein trekopp skulle jøras. Av ei bjørkrot kunne ein hållå-ut små skåler eller øskjer. Knivskaft av bjørkrot er prydting.

 

Kvisten - riset

Ja, vi kjenner riskvisten. Kanskje vi eldre har kjent han på kroppen?

Frå gamalt av har riset harr ein stor plass i barneoppsedinga. “Mester Erik” hadde sin faste plass i skulstuggun (i omgangsskulen) i skåpfota ved høgsetet, ved sia av skulmesteren. Og mor og far hadde ofte eit ris liggande på peiskasta. Det kunne bli ris på fingra - tilmed innafor buksa - når reglane for ro og orden var overskridne. Men i en ordentlig heim vart det helst berre med ei gløtt opp til der riskvisten låg - det vart stille, snille born i huset.

Ellers har vel bjørkeriset tradisjonelt sin største plass innafor renovasjonen, og da i form av sopelime. Det heiter i ei sporau’: “Det står en ting i bondens rå, med tri goill-hælka på. Kå e no det fer-nå?”

 

Bjørk-tjurru

I den gamle, knusktørre limkvisten låg det skjulte eigenskapar. Ein kunne t.d. brenne (presse) bjørk-smorning (bjørk-tjurru) ut av han. Dette var god smorning på ringorm og annan hudsjukdom. I mine gutedagar var eg plaga av vorter på fingrom. Han bessfar visste råd: “Oss ska breinn bjerksmorning”, sa han. Så tok han øksa si som stod borte ved hoggstabben inne og la ho i omnen. Da ho hadde vorte høvelig varm, tok han ein kvist av limen og trykte han mot den varme øksa. Og merkelig nok: det tok til å sige ei brun, tjukk væske (saus) ut av kvisten. Straks smor vi vortane inn, i god tru på at vortane snart skulle forsvinne. Dei kom verkelig bort ei tid.

 

Bjørktoppen - lauvet

Toppen av bjørka er vi enno ikkje ferdige med. Her kan ein skille mellom slitand’ og åtånd’. Toppen av bjørka kan og vera etandes. Bjørklauv var attåtfór (bjerj) om vinteren, mest til sau.

 

Av Martin Foss

Hele historien kan leses i årbok 28, utgitt av Meldal historielag i 1987.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

 

27157186 10210937920706585 1460046349 n

 

 

Annonser


Medlemmer