"Brann"

 

Den 16. juli i året 1992 brann gamle Søvollen ned til grunnen.


05.05.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Bare stabbur og eldhus sto att. Garden ligg på ei flate lengst sør i Jerpstadgrenda. Han er også nemt i boka: “Den lange malmvegen”.

Paul Sivertsen Ramo var første eigar av bruket. Paul var skreddar og budde på Segard Jerpstad. Trond Jerpstad var eigar der. Det var tanken at Paul Sivertson skulle ha dotter hans Trond til kone. Men Paul kom på andre tankar og vart gift med Marit Olsdotter Uv frå Rennebu. Dei vart bureisningsfolk og bygde opp husa ovanom vegen. Dei gamle husa vart truleg bygd sist på 1700-talet. Desse husa vart flytta ut på vollen ca. 1804. Stuggu, som brann no, var den same gamle, men fjøset var av nyare dato.

Sonen til Paul Sivertson vart i 1832 gift med Ingeborg Sivertsdotter Ofstad og tok over eiendommen. Han flytta etter ei tid til dotter si i Bjørkhaugen.

Anders Jonson Grut, Bortistuggu, fekk skøyte på bruket den 3. september 1849 og var eigar i fire år.

Min oldefar, Jon Jonson Rigstad (Nordgard), født 1824, vart i 1851 gift med Maren Olsdatter Lyngen. Dei kjøpte Søvollen 16 mars 1853. Sia har slekta vår budd og arbeidd der.

Den 16.juli 1992 gikk altså husa med innbo opp i flammer. Bl.a. min oldefars gamle skatoll med namnet hans og årstalet 1846. Også mykje anna gammalt og verdifullt strauk med. Det blir ofte sagt at ting kan kjøpast att. Nei minner i form av ting kan ein aldri få att. Dei er borte for alltid. Ein sit att som lamma av sorg og føler seg ribba for heile si fortid.

 

fullsizeoutput 3b24


For folk som ikkje er lokalkjente i Oppbygda må vi gjera merksam på at H-en i namnet til Marit står for Haldosdotter. Haldo Jerpstadvoll ver ein kjent mann i dalføret, som fløtarbas, tømmermålar, skogoppsynsmann, diktar og frisnakkar. Aller mest kjend for ettertida er han kanskje på grunn av alle dei gode replikkane han serverte, og som mange hugsar.

 

Av Marit H. Rigstad

Fra årbok 33, utgitt av Meldal historielag i 1992.

Red: Hilde Stina Elshaug 

Annonser


Medlemmer