Fedrift og fjøsstell for 200 år sia

 

Selskapet Norges Vel vart skipa i 1809. Formålet var å arbeida for å styrka næringslivet i landet, og da først og fremst jordbruket som var den dominerende næringsvegen den gongen.


19.11.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie, Landbruk

Alt året etter skipinga utarbeidde selskapet eit skjema med “En Deel Spørgsmaal angaaende Fædriften i Norge”

Det første spørsmålet gjaldt storleik og kroppsbygnad for dyra - (“Af hvad Størrelse og Skabning er Hornqueget?”) For Meldal er svaret at feet jamt over er litt mindre enn i Oppdal der det var temmelig stort. Slaktevekta av det vanligste slaget er sett til 5-6 våg (90-108 kg), eller om lag som ei årsgamal kvige nå for tida.

Det er nemnt at prost Parelius (sokneprest i Meldal frå 1794 til 1817) har ei blanding av ein engelsk rase (etter ein okse som har stått på Storfosen) og at desse er noko større enn det som er vanleg i bygda. (slaktevekt 7-10 våg for kyr og 10-14 våg for vaksne oksar).

Ellers gjeld det her som over alt ellers at dei fleste dyra har horn og at det er mange ulike fargar.

På spørsmål om det er gjort noko for å foredla feslaget, er svaret kategorisk “Nei. Slet intet”. Det går likevel fram at ein freistar å få para kyrne med ein stor okse og setja på kalvar etter dei største kyrne. Livkalvar skal helst vera fødde før jul og “En deel har ogsaa den Troe at de ikke paasetter Kalve i Aftagende Maaned”. Ellers er det gitt mange merker på en god livkalv (8-9 tenner, brei fast mule, brei mellom klauvane osb).

Om stellet av den nyfødde kalven får vi veta at det er vanleg å la kua få sleika den nyfødde kalven sin. Kalven får ikje suga mora, men får mjølk frå mora eit par gonger om dagen den første månaden. Det blir særskilt nemt at den ikkje får øl (i motsetnad til Hedemarken og Gudbrandsdalen der det er vanleg å blanda øl i kalvemjølka)

Bruk av oksar til køyring er vanleg. Oksekalvar som er etla til køyreoksar, blir gjelda og temminga tek til når dei er vel årsgamle. Køyreoksane blir skodde på alle bein, og skoen er et flatt jarn med ein hake framme og bak, eller ein pik midt under.

Det neste spørsmålet gjeld mjølkinga: Er det vanlig å mjølka opp kviger før dei kalvar? På dette blir svaret at ei kvige hjå prost Parelius har mjølka i tre år utan at den har hatt kalv, men ar det ellers ikkje er brukeleg. Kyrne blir mjølka to, eller tre gonger om dagen, tre gonger er vanleg for nybere kyr og når kyrne går på beite. Mjølkemengda er oppgitt til 8-9 potter dagleg på det meste (1 pott = 0,965 liter).

I april-mai, når dei fleste kyrne har kalva, blir det meste av mjølka nytta til smør og ymse slag ost (søtost og mysost er nemt). Når det blir varmere i veret slik at mjølka fort blir sur, blir det ysta surost (skjørost). Denne osten blir til dels knadd og laga til pultost, men det meste blir gamalost. Videre er det forklart korleis ein går fram for å laga osteløype av innhaldet i magen til ein fire dagar gamal kalv. 

Om våren blir dyra slepte ut så snart det er noko mat å finna, først på innmarka, deretter heimehamn i utmarka nær garden. Alle gardane hadde gode setrar. Det er vanleg å flytta til seters litt før jonsok.

 

  

Ved Ola Syrstad

 

Hele saken kan leses i årbok 37, utgitt av Meldal historielag i 1996.

Annonser


Medlemmer