“Hainn Tore Nordgard”

 

Tore var fødd på Nordgard Stene i 1854, og her døde han ein vårdag i 1928.


21.04.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Tidsperspektivet gjer at eg aldri møtte denne mannen, men eg har høyrd så mykje om han at eg mest ser han for meg. Der er også grunnen til at eg skriv disse orda, og om noko av det som er oppattherma etter han.

At han vart berre 74 år, undrar eg meg litt på, for eg har tenkt på Tore som ein som vart både 80 og 90 år. Når Ingebrigt ‘pi Håggåm (Stene) snakker om “Torekaill’n på Nordgard”, må vel det ha sin grunn i at Ingebrigt var berre gutonge og tenåring då Tore var i sine eldre år, og i den alderen brukar ein ikkje same måla som når ein er eldre.

På Nordgard Stene skifta det med Fredrik og Tore heilt frå den første Fredrik kom dit frå Svinsås i 1776 og til tippoldebarnet Fredrik f. 1891 selde garden i 1929 og reiste til Amerika. Torenamnet er forresten enno i slekta.

Tore var ein sermerkt person som sette sitt preg på miljøet i grannelaget både heime og på sætra. Far har fortald mykje om Tore, og han har også skrive litt om han i ei av bøkene sine - i avsnittet om sætergrannar. Eg siterer litt av det far skriv: “Han høyrde sætra til, særlig i eldre år, som hjelpesmann og som selskapskar. Han kom og gjerne utan invitasjon, alltid med pipa i munnen, og når han snakka til ho slokna, så stakk han ei tørflis i elden og henta fyr påny. Han hadde god tid og det var ikkje langsamt når han kom, for han kunne “slå-av ein prat”. det var heller ikkje langt innpå spøken, og somtid kunne han vera satirisk. Denne kunne han markera berre med ein liten merknad i tonefallet eller med ein liten lått på rette plass. Han kunne me’dalsspråket, og brukte det rett. Ein liten tørvits frå Tore sin munn kunne setja stemning i eit helt selskap, og det er mange hermo etter han”. (Sitat slutt).

Om Tore kunne vera ironisk og ofte kom med ord som det var snert i, var det aldri sagt med vond meining. I lag og selskap var Tore midtpunktet, da samla det seg alltid folk omkring han.

Så nokre historier eller hermo etter han:

Tore var som nemd glad i selskap, og han var difor på plass der det t.d. var tekkjardona. Og i trøskarsesongen “fylgde han verket” frå gard til gard, men tok aldri betaling. Etter første verdenskrig kom nedgangstider, og det var nokon i ein trøskarsesong som ymta frampå om at dagbetalinga for trøsking måtte skjerast ned til 3 kroner. Da la Tore seg borti og sa: “Sett-ned prisain så my ‘åkk vil. E slæ-i itj tå-i øre”.

Han var blitt klandra for at han røykte sjøl om han sto i halmstålet, men han hadde alltid lokket godt på pipa, og det var aldri eld laus.

Ein gong var det tekkjardona på Oppstuggu Stene. Som vanleg var det mange med på dette arbeidet. Dei hadde dessverre ordna seg med for lite torv, så dei måtte ta-opp og hente torv både ein og to gonger. Difor drogs-det-ut og det vart seinkveld. Månen kom opp, og Kari Hoel (Søgard) kom ut på bakkane for å sjå om dei snart vart ferdige. Til Per - sonen hennar som sto oppi stigen og lempa torv - , sa Tore: Dem e vel itj vant med at du sett på strong om ne’ten?

Til slutt nokre liner frå far sine notater om Tore: “Tore var ein helsesterk mann som aldri trong-på dokter, heller ikkje under dødssykdomen, som var smertefri kreft - han berre talmast bort. Ein dag i våronna 1928 kom eg inn i kammerset til han. Han var trøytt og ville helst sova. Eg skulle syngja eit salmevers åt han, men han greide ikkje å halda seg vaken. “No somna e snart for godt”, sa han. Og det gjekk berre ein time eller to før han stille somna inn”.

Same dagen som Tore døydde, vart kona i nabogarden, Ingeborg Stene (Utstuggu) ført åt graven.   

 

Av Jo Foss

Hele historien kan leses i årbok 33, utgitt av Meldal historielag i 1992.

Red: Hilde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer