Låt og Olåt - eit tilbakeblikk

 

Halse, engelsk og heimlaga.


09.12.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Nokre av songane er 100 prosent heimeproduserte, som den vakre kjærleikssongen “Mjuk vind” og “Såmmåblues” frå Laila, men helst har dei sett tonar til andre sine ord.

Det dei fleste forbind Låt og Ulåt med, er nok tonane til Astrid Krog Halse sine dikt. Mange er dei ungane som har lært “Kåsså råsså tu en påsså”, “Labbi lestom” og andre barnevers, takka vera Laila sine melodiar og medvarknad som lærar og kulturformidlar. Fleire er det som har laga musikk av lyrikken til Krog Halse. Som rockar kan ein ha fot for Gåte sine kraftfulle tolkningar. Laila sine melodiar er roligere, men mange vil nok seie som skapt for Halse sin vare lyrikk. Ord og melodi passar kvarandre som hand i hanske. “Myrull” og “Kvitsømra” er to av mange vellukka eksempel.

Ellers har dei plukka ut ein del engelske låtar som har fått lokal språkdrakt. saman har Asbjørg Lo, Jenny Rindal og Laila Grut bruka mykje tid og slite ut mange kassettar på å velge ut dei rette songane, skive om til rytmisk og rimande dialekt, laga arrangement og sunge seg fram til vakre harmoniar. I studio har dei fått gog hjelp av flinke musikarar som Tor Kvarsnes og Arne Ree m.fl. På innspillinga av Kåsså råsså hadde dei sjølvaste Frode Fjellheim, i tillegg til andre gode musikarar. Godt komp er damene vel unt, og dei kjem verkeleg til sin rett i denne innpakninga.

TV og meir til

Det gjekk ikkje mange månadane frå starten til dei vart spurde om å komr til Oslo og opptre i Husker du. Sjøl om nervane var i høyggir, kom demene seg heilskinna igjennom ed mykje skryt attpå. To gonger hr dei vore på skjermen, i programma Langs Glomma og DaCapo. 

Meldalsambassadørar

- “Hva har du lyst til i ferien? Kom og besøk oss i Meldalen. Her er alt som i brosjyren for ferieliv uti provinsen… Kom og opplåvvå dalaskikk, låvedans med felegnikk… Du vil kom ihau da du fikk spikkjimat og en spesiell drikk… Opplåvvå kulokk og sæterliv, du rett inni eventyrverden driv, elvevak og oterbris, du vil finn det æ verd sin pris… Æ det storfesk du helst vil ha, har oss Orkla… treng itj rom og cola, heill itj wisky soda, lell kainn du vårrå gla, når du kjem hit til Meddala…osv…”

Dette var frå “Langs ferieveien” i trioen si meldalsdrakt. Det svinger godt og ein høyrer damene kosar seg, både her og i andre svingande meldalslåtar som “Meldalsblues” og “Norges litjgryt”; “Sommo kår e fær, så æ det likast å vårrå her”.

Nokre glimt vart dette, men llangt frå utfyllande. Det dei har laga er verkeleg noko å vera stolte over. -Dei tok alle med storm, vart det sagt.

 

Ved Marit Foss Sundseth

Hele historien kan leses i årbok 55, utgitt av Meldal historielag i 2014.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer