Margrethehaugen i Meldal

 

Laurdag 20. november 1954 var ein stor dag i Meldal. Denne dagen vart Margrethehaugen opna som “heim for åndssvake barn”.


25.02.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie, Barn og ungdom

Blant dei om lag 100 gjestene var sjefen for åndssvakeregisteret i Norge, overlege Ole B. Munch, overlege Olstad ved Klæbu pleiehjem og overlege Nissen ved Østmarka sjukehus, som skulle vere tilsynslege ved Margrethehaugen.

Margrethehaugen var eit samrøystes namn på institusjonen. Det var søster Oline Kissten, bestyrar ved Meldal barneheim gjemnnom mange år, som hadde kome med forslaget. Frå gammelt av heitte området Margrethehaugen og vart oppkalla etter prestefrua Margrethe Parelius, kona til presten i Meldal sist på 1700-talet. Prestefrua hadde ofte tatt kveldsturane sine på denne vakre delen av prestgardseiendommen.

Åndssvakeomsorga i Noreg hadde vore sterkt forsømt i mellomkrigstida. På 1930-tallet kom t.d. fleire nasjonale rapportar som peikte på dei uverdige forholda. Både legar, t.d. Alex Brinchmann, og forfattarar skreiv om forholda. Mest kjent er kanskje bøkene til forfatteren Gabriel Scott: “Stien - eller Kristoffer med kvisten” frå 1925, og “De vergeløse” frå 1938.

“Godhet avler godhet”

Sanitetskvinnene hadde ei historie siden 1896 med innsats innanfor ulike helse- og sosialområde. I 1951 kom både arbeid for eldre og åndssvakesaken inn på NKS sin nasjonale handlingsplan. Direktørfrua, Ingrid Kiær, hadde sidan ho kom til Løkken i 1938, vore ein nøkkelperson i ei rad sosiale, humanitære og kulturelle tiltak. Frå 1950 til ho flytta frå kommunen i 1958, sto ho som leiar av Løkken Verk Sanitetsforening, etter at Meldal Sanitetsforening i 1950 vart delt i to.

I 1957 hadde Løkken Verk Sanitetsforening 1050 medlemmar, organisert i fem ulike arbeidslag.

Etter første byggetrinn var Margrethehaugen klar til å ta imot inntil 30 barn. På 1950-talet vart det bygd paviljongbygg for dei eldre barna. Denne ble realisert blant anna ved hjelp av ei stor pengegåve til Margrethehaugen frå skipsreiar Sigv. Bergersen d.y.

Årsmeldinga for 1957 fortel om plass for 46 barn og eit personale som består av bestyrar, ni assistentar, én pleiemor, fire lærarinner og ei kokke.

Det opprinnelige bygget som Meldal barnehjem hadde halde til i, vart rive, og nye bustadhus kom til i 1973. Det var Sørstuggu, Midtstuggu og Nystuggu. Her var det tidsmessige bustader med plass til åtte bebuarar i kvart bygg. Eigen bustad for bestyrar vart sett opp, og like ens administrasjonsbygg der det m.a. vart plass til hovudkjøkken.

Jubileumsberetninga frå 1984 fortel at Margrethehaugen no har 34 bebuarar. 45 personar har arbeidsplassen sin her, ein del av dei med deltidsstilling, og i tillegg er det skole med sju lærarar.

I 1984 har prosessen starta med sjølvstendig arbeid for enkelte utanfor institusjonen. Ein verne bedrift er starta opp, med tre arbeidsterapeutar, én i heil stilling og to i delstilling. I første omgang vart det satsa på bokbinding, veving, stofftrykk og tresløyd. Produkta blir omsatt etter kvart.

HVPU-reformen: -Det er inngått avtale mellom eierorganisasjonen og Meldal kommune som bl.a. innebærer at fast tilsatt personell ved Margretehaugen m.v.f 01.01.91 blir tilsatt i Meldal kommune.

Saka vart samrøystes vedtatt i fylkestinget.

 

Utdrag fra intervju med Ingeborg Andreassen f.1927, 23/4-2013:

-Til saman har eg arbeidd på Margrethehaugen i nesten 30 år. 

Det var 24 ungar som kom i første omgang. Dei fleste var overført frå Klæbuheimen. Den minste var den to-årige Joar Zetterstrøm - og han fekk eg fort eit spesielt forhold til. Men ellers var dei første åra svært slitsomme. Vi budde på Margrethehaugen, der var unger med mange ulike behov, og eg hadde på dagtid ansvar for heile gruppa. Vi prøvde å komme oss ut kvar dag, men det gjekk med urimeleg mye tid til å kle av og på ungane. Margrethehaugen lå på en svært fin plass, men der var ikkje gjerde mot elva den første tida, og vi måtte heile tida vere på vakt så ikkje nokon forsvann for oss. Dessverre var det ein gut frå Romsdal som vart borte, og som vi fann igjen i elva. 

-Då eg slutta i 1994, følte eg at Margrethehaugen var i svært god stand. Institusjonen låg på ein fin plass med fint stelt uteområde, og det var gjort svært mykje for at bygningane skulle vere funksjonelle og i god stand. Her var både ny barnehage, nytt skolebygg, nye bustadbygg, paviljong-bygg, verkstadbygg og styrarbustad.

Utdrag fra samtale med Joar Zetterstrømved Anne Wold og Aud Inger Kalseth:

-Joar har en fantastisk husk, og svarte nøyaktig på alt han ble spurt om. 

-Gunbjørg Rognar var den første bestyrerinna. Hun kjørte seg dessverre av på sykkel i bakken nedom kirka og omkom i 1962. I mai 1963 kom frøken Balgård (Olava Balgård) og hun ble der til 1978. Da kom Margit Rossvoll f. Granli, gift med Leif Rossvoll som også hadde noen jobber der, bl.a. som dagvakt på Storhjemmet. Roald Sørmo var bestyrer fra 1979 til 1991, avbrutt av noen år da han jobbet som lærer. Inger Hukkelås var bestyrerassistent  fra 1977 og Åse Borset var bestyrerassistent fra 1984.

I 1991 kom Torunn Grut, etterfulgt av Marit Vinterhagen Syrstadeng og Liv Berit Grostad.

Storhjemmet stod ferdig i 1957 og alle trodde prinsesse Astrid skulle foreta den høytidelige åpningen, men det var Ingrid Kiær som fikk æren. På Storhjemmet bodde elleve stykker og det var en vevsal hvor Aslaug Frengstad var ansvarlig. Anne Marie Øklend var avdelingsleder på Storhjemmet.

Joar satte stor pris på snekkerne fra Orkla Gruber, for de snakket med han og viste ham oppmerksomhet. Det var også stas med elektrikerne og spesielt de som kjørte lastebil. Han husker han fikk lov til å sitte på til Løkken. Joar nevner spesielt byggeleder Thomas Hafstad og basen Carl Myrås.

På skolen lærte Joar å lese, skrive og regne. I tillegg var det mye boveiledning der de lærte husarbeid som klesvasking, renhold, matlaging og baking. Joar fikk støttekontakt først i 1995 da han flytta til Grøta, men husker med glede turene med Hanna Lien og Ella Rise.

 

IMG 5638

 

Av Eivind Hasle 

Heile historien kan leses i årbok 55. Utgitt av Meldal historielag i 2014. Der finner du også kjelder.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer