Min barndoms jul

Reidar Blokkeskar

Det var julaften 1918. Den første verdenskrig var slutt, og stormaktene låg i kvar sin krok og sleikte såra sine.


26.11.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: Kulturhistorie, historie

“Aldri mer krig”, sto det i avisa. Eg som gjekk andre året på skulen, greide sjøl å lesa det. Eg trur det var føre den jula eg såg den første femkilos kveitemjølpåsså som det sto “Gold Medal” på sia.

Heime på Blokkeskaret - en kilometer opp fra allmanveien og to-tre hundre meter  fra næraste granne - heldt oss på å avslutta juleståket.

Eg hadde kome inn frå kammerset der eg hadde vaska meg rundt i en balje med lunka vatten. Eg hadde fått nye unnklær til jul, så eg slapp å “sitt på stabben”. Ein times tid før hadde eg vore med bestemor i fjøset og gitt de tri sauene julematen. Attåt ein riktig høyballe fekk dei eit fat med potetskal og ein mjølklip. “Ja, no e det julkvell”, sa ho bessmor. De fire hønene satt opp-på stonga si i mørke, men grisgaren var tom. Denne gode venen som hadde sove i fanget mitt atmed komfyren sist i mars, og som hadde kappspronge med meg så mang ein gong på tunet.

Dagen før hadde eg og bessmor streva med å få heim vatten nok. Det var 300 meter ei vende. Juleveden hadde Gammelflatin hogget åt oss, og han Andreas Holum hadde komme med ein julgaidd (tørfuru). Grytidleg om laurdags morgonen vart det tende opp under to vasskjela. Eg heldt senga til eg hørte smellen og dei kom inn på kjøkkenet med grisen i eit traug der det vart lagt lauris i botnen. Det var ein hard laurdag for ho mor detta. Ho arbeide på Verket og bodde hos han Eirik Bjørset. Ho var fri annenkvar laurdag. Skiftet vart atteke om søndagsnatta.

Det var verket som var grunnlaget for vår økonomi, som for hundrevis av andre heimar både i Medala og i nabobygdene. Men mor hadde ein og ein halv mil å gå før ho kom heim. Ho drog ein  grønn kjelke med seg, med eit utruleg stort lass på. Det vart kjøttmelder og smultkoking til langt over midnatt. Enda måtte søndagen takast til hjelp.  Så vart det å gå ein og ein halv mil til Løkken om søndagskvelden. Klokka halv sju, om måndagsmorgonen måtte ho sitte atmed skjeidebandet i Vaskeriet. Men no var alt overstått, no vart det julekvell. I morgo, 1. juledag, var han Jo Holum og han Mossbrynd bedne til sodd når dei kom att frå kirka.

Det var finere enn vanleg hos oss denne jula. Ho bessmor hadde teke seg riktig på tak og lånt 500 kroner i sparebanken mot kausjon og pant i bruket, så no var det nytt golv, måla med gul oker, og den store gråsteinrøysa av ein peis var kasta ut. Det var innsett nye glas, så skulle itt snøen driva inn som den gjorde det før når det var snøfokk fra “kattbakkom”. I kveld var vi samla alle fire, ho bessmor, ho mor og bror min, han Ola og eg som yngstemann. Bror min hadde også fått arbeid i gruva som atten-åring, ein jobb han hadde i 38 år.

Han Ola som hadde arbeid i gruva kjøpte flere julebøker. Det var “Jul i Trøndelag”, “Knoll og Tott”, “Hvepsen” og “Vikingen”. Eg glømmer aldri dei gode tegningene hans Jens R. Nilsen og versa hans H. Østerholt og julefortellingene av Johan Falkberget.

 

IMG 4990

 

Historien er laget av Meldal historielag, basert på papirer som Ola Blokkeskar har samlet sammen av sin far, Reidar Blokkeskar. Historien kan leses i sin helhet i årbok nummer 45, 2004.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer