Ølbrygging

 

Frå eldgamalt har øl vore brukt i bygda. I manns minne lite til kvardags, men til høgtid var det øl i glede og sorg.


03.12.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie, Kulturhistorie

Grunnmaterialet i ølbrygginga er byggkornet. Det beste av kornet vart bruka til malt, råemnet i brygginga. Difor var det beste jordstykket på garden øremerka til maltkorn. Slik ligg til dømes åkerstykket med namnet Maltåkeren, til sørgard-Berg, solvendt i dalsida, midt i det som no er boligfeltet Nedre-Bergslia. Etter at kornet, “strikonne” oppbevart for “melting” og ikkje hatt på kvenna for å bli til mjøl som det andre. Alt konne vart i gamal tid hatt på masstua (eldhuset) til tørking, men det vart heile tida passa på så at det som skulle bli maltkorn ikkje ble blanda med det andre. Etter at konnet var masstutørka vart det melta. Neste steget var “meskinga”. Maltet vart da meska til ein tjukk graut. Kvelden før selve bryggedagen slo dei malt opp i bryggestampen og bløtte det. Vanligvis vart det brygga av 2 vog (36 kilo) malt.

Bryggekoppane som var lagga trekar, vart i forvegen lagt i vatn så dei ikkje gisna. No vart dei sett i eldhuset: brøggstampen, rostin, kaggan, øltretta og ølbøtta. Ein vanleg rost tok akkurat 2 vog (36 kilo). Det var en vanleg brygging til høgtids og husbruk, men til storbryllup, som vara ein to-tri dagar kunne dei brygge i to rostar (72 kilo).

Det gjekk forferdeleg med ved til brygging, for “enlausgryta” koka hele tida.  

 

 

IMG 5126 1

 

 

 

 

 

 

Av Ola Grefstad.

Kan leses i sin helhet i årbok nr. 28, utgitt av Meldal historielag 1987.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer