På sporet av eit liv, Major M. G. Jyssum (1881-1975). Territorialsjef og hovudrevisor.

 

Frå guteåra visste eg av han - en slank, stram eldre kar som av og til var med på møte i styret for Meldal yrkesskole, der min far var rektor.


18.03.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Då 50-årsskriftet for Meldal yrkesskole kom i 1996, var det både bilde og omtale av major Martin Gerhard Jyssum. Frå 1940 hadde han vore sentral som representant for Orkla Grube i arbeidet med å få i gang skolen, og frå 1946 og heilt til 1965 sat han i styret for skolen. Han hadde tilknytning til Bondepartiet og bondeorganisasjonane og hadde ei sentral rolle på Loskammen i 1937, og hadde m.a. notert kor lang tid varslinga tok frå den eine varden til den andre.

 

IMG 5697

 

 

Kongo

Han kom til Kongo som ung og nyutdanna og vart delvis kartteiknar og oppretta kommunikasjonslinjer som har blitt til vegar og byar i dag. I tillegg var han leiar av politi- og militæroperasjonar og “territorialchef” med ansvar for tryggleiken i District du Sankuru (mellom elvane Lualaba og Kasai) - eit landområde større enn heile Noreg.

Mykje tyder på at Jyssum hadde større respekt for dei innfødde og deira kultur enn mange europearar. Han lærte seg brukbart det bantuspråket som soldatane hans snakka, og fekk stor sans for dei lokale kulturane og rituelle handlingar. Tilnamnet Chose fekk han av venene sine i Afrika fordi han alltid, på fransk, spurte: -kva heiter den tingen?

I eit 90-års intervju i Adresseavisen i 1971, gir Jyssum nokre glimt av minna sine frå Kongo:

-Jeg brukte år på å skape orden. Til hjelp hadde jeg 4-5 stasjoner som ble opprettet med ca 200 kilometers mellomrom, og på hver av disse stasjonene var det en mindre hæravdeling. på den tiden var det stadig stammefeider pga. grensetvister og krangel om jakt- og fiskerettigheter. Ja, det brøt sogar ut kriger fordi to høvdinger ble usams om vakre kvinner!

…Det kunne til og med hende at postbudet forsvant underveis. Tre av mine kurerer ble spist opp av Basongomenostammen som bodde i mitt distrikt. Vi europeere som hold til i hjertet av Congo hadde mange ganger følelsen av å leve på en annen klode. Mangt av det vi opplevde ville neppe bli trodd i Europa.

 

IMG 5687

 

 

Hovudrevisor i Orkla Grube

I 1931 vart Jyssum tilsett som hovudrevisor i Orkla Grube og vart buande i Villaveien til han og familien flytta til Trondheim i 1952.

Det er mogleg og tenke seg at  næringslivsmannen Christian Thams (1867-1948) hadde vore ei viktig inspirasjonskjelde både då Jyssing søkte teneste i Kongo og då han seinare fekk stilling i Orkla Grube Aktiebolag. Thams var personlig ven med kong Leopold i Kongo og hadde bygd direktørbustad og andre hus til guvernøren i Kongo.

I administrasjonsbygget på Løkken hadde Jyssum kontor rett over gangen for Arne Lauritzen, som begynte der i 1946. Lauritzen hugsar Jyssum som ein streng eldre mann det sto respekt av, og som hadde eigen sekretær.

Då Quisling-regjeringa i 1942 samla jødane for å sende dei sørover, vart det oppnemnt personar som skulle ta vare på eigedomar og eigedelar. Advokat Leif Fossvold vart oppnemnt for Sara Levin, som dreiv kiosk på Løkken. Det er interessant å legge merke til i rapporten til Fossvoll frå 1945, at han samrådde seg med major Jyssum, som på vegne av Orkla Grube lova å ta hand om kiosken. Den vart stengt slik at Sara Levin kunne få tilbake både kiosken og sine private eigedelar i 1945.

 

IMG 5696

 

 

Familiemann og bestefar

Martin Gerhard Jyssum gifte seg i 1915 med Kristiansundjenta Jensine Midtlid (1893-1965). Med henne fikk han to gutar, Gunnar (1917-2008) som reiste til Storbritannina under krigen og ble verande der, og Kaare (1920-1987), som vart lege og professor i Oslo. Kaare er far til Tore Jyssum, lege ved Orkdal sjukehus i dag. Tore Jyssum vart fødd i 1950, då farfaren var 69 år og hugsar framleis besøk på Løkken og på yrkesskolen der saman med farfaren.

 

Av Eivind Hasle

Hele historien kan leses i årbok 53, utgitt av Meldal historielag 2012. Der finner du også kjelder.

 


Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer