Det kosta berre 50 øre

 

Eg vil fortelja ei historie frå dei såkalla harde trettiåra.


13.05.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Det var lite om arbeide og enda mindre om pengar. Eg var og i same stoda som så mange andre, men eg hadde i allfall skaffa meg ein kjærest. Venninne heiter det vel i dag. At ho med tid og stunder vart kona mi er ei anna historie.

Ein sumarsundag starta vi frå Løkken på sykkeltur dalen rundt, som vi kalla det. På bagasjebrettet låg ein pose med vaffelkaku. Det var heile utrustinga vår. Vi sykla om Svorkmo og oppover elvadalen. Veret var fint, sola skeinog vi tykte vi hadde det storveges. Attmed Losbrua rasta vi ein time og gjorde ende på provianten. Vi var samde om at vi hadde ein fin tur. Også kosta den ikkje eit raudt øre. Det telte mykje. Vi var nøgd med lite, og pengar var mangelvare.

Oppe i grenda tok vi fatt på Bergsliene. Attmed oppkjørsla til muséet fekk eg ein ljos idé som eg kom til å angra på seinare. Som relativt nybåkkå kavaler spurte eg kjæresten om ho hadde lyst til å vitja muséet. Det ville ho. Å rusle rundt omkring der var vel heilt gratis, trudde vi. Da vi kom opp dukka det opp ein omvisar. Han tok med rundt og hadde mange forvitnelege ting å syna fram og mangt å fortelja om. Da runden var slutt ville vi takke for omvisinga, men så enkelt var det ikkje. Omvisaren skulle ha 25 øre pr. person. Altså 50 øre. Det hadde vi ikkje rekna med. Kjærasten snudde seg og saumfor Resfjellet medan eg raudna heilt opp i hårrota. Eg vart det ein på meldalsdialekt kallar for pråttåstelt. Men det var inga anna råd enn å vedgå at vi ikkje hadde pengar og at vi trudde det var gratis.

Men omvisaren var ein grei kar. Han sa det var ikke så om å gjera med pengane, og vi var velkomne dit att.

No og da opp gjennom åra har kona spurt meg om eg minnes da eg var kavaleren hennar og vart skuldig 50 øre på muséet. Eg likar ikkje å bli mint om dette, men ho er no noko lei til å terga meg sume gonger. Men eg er glad for at dei harde trettiåra er langt attom oss.

 

Ida og Bjarne Løset

 

Fra årbok 29, utgitt av meldal historielag i 1988.



Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer