Resell, ein gard - ei grend

 

Reishiellom (Aslak Bolt 1440), eller Resshellde (ca. 1590) er av dei eldste skriftformene vi kjenner.


02.09.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Førstestavinga Reis-, eller Ress- kjem frå elva Resa som renn like nedom gardane. Resa er avleid av Risa på gamalnorsk, som tyder stige. Namnet kjem av at ho flyg opp fort ved kraftig regn, eller snøsmelting. Andre stavinga -hiellom, eller hellde kjem av gno. hjallr, som tyder hylle, eller terrasse. Namnet tyder altså ei hylle, eller terrasse i dalsida langs Resa. Når ein tenkjer på at Resa eingong rann forbi der Resvoller i dag og vidare i retning Bergenget og Øverøyen, blir namnet enno meir beskrivande. I dag kryssar riksvegen det gamle resfaret utom Bergenget.  Namneforma kan tyde på busetjing kring førre tuseårsskiftet. I Aslak Bolt’s jordebok frå 1440 er det registrert to bruk på Resell, Søndre- og Nordre Gard. Første garddelinga var truleg ein gong før 1350, for i mange tiår etter Svartedauen var det så lite folk att, at ein trong ikkje å dele gardane. Resell var også ein periode registrert som audegard.

Mot slutten av 1500-talet hadde folketallet auka slik at det var aktuelt med garddeling att.

Larsstuggu. Plassen låg like oppom der husa på Resellmo ligg i dag. Her er også Larsholet, som forsyner Moen med friskt vantn. Lars Einarson Resell (f. 1830), gift med Marit Persdatter, var sonen til Gunhild Nystuggun. Hun busette seg på plassen saman med familien og mora.

I Larsstuggu budde kårenke Anne Andersdatter Dalhaug, som var tante til Gunhild. Truleg dreiv karane på  Dållåhauga begge plassene, da Anne var godt opp i 80-åra.

Grubba låg på Storstuggueigedomen der Fagerhaugen er i dag, men husa låg noko lenger mot nord. Der er det ei slogd i terrenget - ei grubbe. Her bodde Ole Jonsen Snoensgjelden og kona Fredrikke Nilsdatter Brandås saman med sonen Jon. Ole var skredder og skinnfellmaker. Søster til Fredrikke var kone i Resellgjerdet. Fredrikke(e)kra ved Fagerhaugen vardet Fredrikke som braut medan dei budde her.

Ragnhildstuggu låg sør for Grøtengstuggu II (Jatrustuggu). Den første som  bygde her var John Toresen f. 1823 på Resellmoa.

 

IMG 7233

 

 

 -

 

 

IMG 7231

 



Ved John Anders Moe

Hele historien kan leses i årbok 53, utgitt av Meldal historielag i 2012.

Red: Hilde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer