Meldalingar på Sula-tur

 

Ei innhaldsrik helg på Sula er over.  Stille hav, fyrlykter som lyste langs leia. 


05.09.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: Friluftsliv, Kirke og menighet

Bølgete hav, landkrabbar som kjende det kribla i magen mens dei jakta på ornt`lige krabbar og fiskar frå dekket på Svein Erlandsen sin fiskebåt. Regn som kom på tvers og fekk god fart av den sterke vinden. Knallblå himmel – som to av tenåringsjentene i flokken studerte mens dei låg nedpå asfalten på veien utom grendahuset – og som dei etter ei stund studerte saman med ho på 53 og ho på 84 som også la seg ned på asfalten.

Det er liten fare for å bli påkjørt på vegane på Sula.  Av dei 50-60 fastbuande er det ikkje alle som har bil.  Litt fleire bilar var det i helga når Meldal Normisjon tok turen – for eksempel kunne du då møte Jo Foss i fint driv bakom rattet.  Han har vore på Sula før – på ”sommar-skule” i 1957.  Jo har god hukommelse, men frå sommarskulen er det ikkje mykje han klarar å fortelja, og det forstår vi som har sett bilder frå turen:  Der sit han i lag med ei ung og fager Berit – bryllupet stod året etter.

For Laila Syrstad var turen ekstra spesiell.  Laila vart fødd på Sula, ho viste oss trappa på huset der ho sat og var så spent første skuledag…  Og så viste ho oss støtta med namn på dei som har døydd på havet utom Sula etter 1900.  Faren hennar, Edvin Ovesen, var 28 år gamal når han omkom – dei veit ikkje heilt kva som skjedde – han kan ha vorte hekta fast i fiskeredskap og blitt dratt ned i havet, det kan ha kome ein bråttsjø…  Ingen kan fortelja sikkert, heller ikkje broren hans Oskar som var to år eldre og som omkom i lag med han.

Laila guida oss rundt på øya og lærte oss om hennar eige liv og livet til sulværingar for øvrig, både i notid og langt, langt tilbake.  Og så vart det eit heidundrande møte mellom meldalingar og sulværingar inni kapellet – meldalingane stod for programinnslag med song, musikk og snakking frammi kapellet og sulværingane stod for kaffi, kaker og drøs baki kapellet til slutt. Kvar enkelt stod for det viktigaste:  allsongen.  Det kjendest sterkt å syngje om namnet Jesus på Sula, om at hans navn er som eit fyrlys som hjelper oss inn til ei trygg hamn. Ikkje alle når den trygge hamna her på jorda – dei dør på havet og dei dør av andre årsaker – men perspektivet blir annleis med livet etter døden.  Det formidla Arnt og Arnt (Bjørkhaug og Stene) når dei song ”Hjemme i  himmelen”.

Er det då meir som skulle vore sagt om Sula-turen?  At vi var 32 meldalingar i aldren 2 - 89, at vi låg i privathus og i fyrvokterbolig, at  styret i Meldal Normisjon gjorde ein god jobb med å lage mat i grendahuset, at skattejakten Geoff (Morgan) laga var morsom og fekk fart på oss, at lovsongen Kim (Furuhaug) leda rørte oss innvendig, at butikken på Sula har det meste. Og for dei som tenkjer seg utover:  Husk at pub`en åpner ikkje før 13.00 søndager så viss du planlegg eit litt lengre opphold der rekk du ikkje båten.  Den går nemlig 13.15 og ikkje 13.25 slik Arnstein (Reitan) trudde  når han var innom og handla kanelsnurrer og fortøyninga til båten brått vart hempa av….

Utsikten på Sula, opplevelsen av havet og dei 5400 holmane innan Frøya kommune, lukta av salt og sjø, dette er som med ein del andre forhold i livet:  Det må erfarast.  Ta turen!

 

 

Åshild Sande

Annonser


Medlemmer