Ola E. Sundli (1887-1964). Eit lærarportrett.

 

Ein av lærarane som svært mange på Løkken har hatt eit personleg forhold til, var Ola E. Sundli, lærar på Løfshus skole i 44 år, frå 1910 til 1954.


17.12.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie, Skole og utdanning

Ein ting var den lange arbeidsdagen han hadde i Løkken-samfunnet og på denne skolen, det var svært mange klasser og familier - kanskje i tre generasjoner, som han var lærer for.

Men Ola Sundli hadde også eit høgt aktivitetsnivå utanfor skolen, i idrett, i song, og i fagleg og politisk arbeid. Og meir enn nokon annan var han initiativtakar og pådrivar i barnearbeid til den internasjonale freds- og fråhaldsorganisasjonen, IOGT. Barnelosje “Malm” på Løkken drog han i gang i 1914, og den sto han som leiar av i 40 år, til 1954.

Det var ein frivillig og idealistisk arbeidsinnsats som det i dag er vanskelig å fatte.

Ola E.Sundli voks opp på Lauvåsen i Orkdal. Foreldra hans var Erik Arntson Sundlimoen og Marit Olsdotter, fødtFokseth i Skaun. Dei kjøpte garden Lauvåsen fra Thams i 1901.

Det må nemnast at tida mellom 1880-talet og 1940 er rekna som stordomstida for lærarane, i det som er blitt kalt “Venstrestaten”. I den hadde folkeskolelærarane ei nøkkelrolle, som berarar av folkeopplysning og nasjonal frigjering, språkleg, økonomisk og kulturelt. Ungdomslaga og mållaga var spesielt viktige i denne utviklinga, og lærarane var på mange måtar venstrestatens entreprenørar.

Det var en sprek ungdom som kom og fekk bustad hos Martin og Britt Langeng på Nordsteigen i Trongbakken, ein ungdom som gjerne var med på turar i skog og mark, og som snart vart kjent som ein svært dugande skiløpar - på sykkelen var han ein racer, heilt til han ramla stygt av den etter at han var blitt pensjonist. Kone fann han seg uti Åmotet i Orkland, og innan eit tiår var han etablert med kona Ingeborg og to døtre, Magnhild (fødd 1916) og Borgny (fødd 1920).

Etter kvart vart skolen på Løfshus bygd ut, og det kom ein ny stor lærarbustad like ved skolen 1928, og der fekk Sundli-familien flytte inn, saman med familiane til Ola Grefstad, Sivert T. Resell og Johan L. Strand. 

 

IMG 5151

 

Skrevet av Eivind Hasle

Hele historien kan du lese i årbok nummer 50. Utgitt av Meldal historielag 2009. 

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer