Omsorgslønn

Arkivfoto av Jo Foss: Anne Mari Svinsås

Mellom tverrenden på stuggu vår og Oppigardsstuggu var det berre 3-4 meter.


12.08.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

I denne stuggu og med same gardtonen som oss, budde Marit og Kari. Dei trødde sine barnesko på Stenarshaugen - ein husmannsplass under Søgard Foss.

Marit kom til verda i 1850 og døydde hausten 1939, medan Kari var åtte år yngere og la ned vandringsstaven i 1948.

I min barndoms minnekrans har desse to ein sjølskreven plass. Marit minnes eg berre i “horisontal stilling” d.v.s. ho låg i senga i kråa i daglegstuggu. Kari stelte huset og gikk ho til hånde. Mange gonger har eg stussa på kvifor ho holdt senga i desse åra ho levde - var det vanleg før i tida?

Rundt Føssa og i gardtonengjekk leiken livleg, og forbodet “du ska ikkje trø i graset” ble nok brote mange gonger. For damene på Oppigård kunne det nok røyne på no og da. Ja, det kunne nok bli naudsynt med ein “reprimande”, men det høyde med og har sin glorie også det. Dei hadde ein gjestfri heim, og kaffekjelen var flittig i bruk. dagen i dag ser eg for meg når ho Kari skjenka kaffe - ikkje berre i koppen, men også fatet fullt. Ho hadde også ein elegant måte når ho med fatet fint plassert på fingertuppane, godgjorde seg med kaffen.

Som 20-årig tjenestejente på Søgård Foss opplivde Marit si ungdoms forelsing - i den ti år eldre Johan Jakobsen Foss på Oppigard. Så var det vel berre å gå til presten og gifte seg da?

Å nei, det var nok ikkje så greit.

På Oppigard var det trongt om plassen, og slik var det mange stader. Broren til Johan - Ingebrigt - var nysølvsmed og målar, og hadde verkstaden i daglegstuggu. På stenarshaua var det heller ikkje så greit. Marit hadde foreldre som drog på åra, og broren Anders hadde teke vegen over blåmyra for å finne lukka der - og Kari var enda berre ungjente.

Anders sine voner, draumar og lovnad om å sende pengar heim til foreldra - og billett

til Kari, vart ettertrykkeleg knust. Han kom ut for vonde fiendar, og vart teken av dage - truleg var det pengar dei var ute etter. På Stenarshaua sat ein familie att i sorg. Så tok Marit sitt livs store avgjerd, ho måtte - og ville - gje foreldra støtte og hjelp i sine eldre år. Giftarmålet vart utsett, og Marit gjekk inn under husmannsåket. Det gjorde ho heilt til foreldra døydde, faren i 1897 og mora i 1903.

Så var forlovelsestida på over 30 år til ende, og det vart gifting seinhaustes på Marit og Johan. Så fekk dei vel mange dagar saman? Å nei, giftarmålet varde berre nokre dagar over året, for da døydde Johan. Etter dette levde Marit som enkje i 35 år.

Kva var så omsorgsløna den gongen for at ho ofra alle desse åra på foreldra sine? Det kan karakteriserast på denne måten: Foreldra vart skrøpelege, og Marit fekk litt hjelp frå kommunen på slutten. For dette tok kommunen pant i husa. Jordverten løyste inn denne potten, og vart eigar av husa. Marit, som no var vorte 53 år og ei moden kvinne, flytta til Oppigard. Med seg hadde ho nokre eigedelar. Men huslaus forlet ho barndomsheimen sin.

Når far skriv historia om Marit, tek han ei songstrofe i bruk: “Gud signe kvar ein ærleg svein, som lyftar av foreldra stein, og gjerne mor si mettar -”.

Men omsorgsløn - ein takk frå samfunnet: nei, det fekk ho sjå langt etter.

 

Av Jo Foss 

Fra årbok 38, utgitt av Meldal historielag i 1997

Red: HSE 

 

Annonser


Medlemmer