Påskeproviant til Jøldalshytta

 

En strabasiøs markatur - både for hest og kar


15.09.2018 - Hilde Stina Elshaug

Turisthytta på Jøldala kom dit ho er no i 1918. Før dette låg ho lenger frampå Jøldalen, og var starten av det som i dag kalles Brunhytta.

Ivar Reitan frå Hovin i Gauldala, var både byggmeister og sagmeister. Han og sønane hogg opp hytta av tømmer som dei hogg frami Resdala i Jerstomorken. Dei låg-foruti Aunsletts der Iver fekk opp sagbruk og skar-tå barken av stokkane på to sider før det vart frakta utpå Jøldalen. Iver hadde tri tønner - Ingebrigt, Jakob og Olav, som alle var tømrarar. Om alle tri var med på denne akkorden, veit vi ikkje sikkert.

Det var ikkje småtteri av proviant og andre varer som måtte fraktast ut til turisthytta både til sommersesongen og til påske. 

Dette var en jobb både fot hest og kar.

No lid det til påske, og denne gongen er det to i Jerstogrenda som får jobben. Jon Lyngen (Jo Lyinnom - eller Lyinnin om du vil).

Enda meir kan eg ta med om mannen: Han var far til dei berømte "Lyinnskia" og vart æresmedlem i idretslaget Nor i 1936. Han fekk med seg svigersonen - Jon Jerpstadvold (Jo Volla) på den turen. Det var nok to kara som hadde vore ute ein vinterdag før, men dette vart ein tur dei kom til å hugse resten av livet, og som det har vore snakka om i seinare generasjoner. 

Dei to som fortel dette - Ottar Synstigard og Jon Storstugguin, hugser ikkje hendinga, men har som sagt høyrd fortald om den. 

Denne dagen - vi får tru det var et stykke ut i april, starta truleg med å samle saman det som skulle vera med, m.a. frå butikk og slakteri. Så bar det i veg utover forbi Jerstosetrin og opp gjennom Svartbekken. Hit var det fast vinterveg, og frå traktane her var det køyring både av ved og høy. Kanskje måtte dei sette på trygar no før det bar utover Bjugnan for så etter kvart å koma i møtes med vintervegen opp frå Grindalsgrenda og fram til Jøldalshytta.

Dagen var nok langt på veg oppbrukt då dei kom fram, og overnatting der ute var truleg med i opplegget. Men dei var inne på tanken om å ta heimveg same dagen. 

Jo Volla "høyrde ein søg" om kvelden, og det gjorde han litt uroleg - ja, for heimturen tok fem dagar.

Det var mykje snø denne vinteren, og denne gjekk i oppløysing denne natta. 

Å starte på heimveg med slåane, viste seg å vera fånyttes. Dei måtte prøve å baske seg fram med laushest for på den måten å trø-til 

 veg. Slik streva dei seg fram første dagen, men så veldig langt kom dei ikkje før dei måtte kome seg attende til Jøldalshytta for overnatting og kvile for både hest og kar.

Høy hadde dei ikkje med seg meir enn for eit par dagar. men på Gjelseter'n var det plenty med den slags - så det var ikkje noko problem, men havre - til å få krefter av - for hestene, var det mindre av.

Neste dag starta dei på nytt. Truleg gjekk det bra så lenge dei fekk bruka dei opptråkka spora fra dagen før. Det leie var at i denne gropa stod vatnet langt oppover hesteføtene, og det var ikkje bra. Dei måtte prøve å halde seg oppi høgdedraga, for der vart dei ikkje plaga av vatn i gropa.

Etter dag nummer to og ny overnatting i hytta, nådde dei tredje dagen fram til Svartbekken, og hit var vel også slåane med.

Heime i grenda hadde dei fått nyss om korleis situasjonen var, og prøva vel etter kvart å koma dei i møtes. Kor langt utover dei kom er eg uviss på.

No hadde dei brukt tri dagar, og med overnatting i Svartbekka skulle vel turen heim gå greit den fjerde dagen. Slik gjekk det nok ikkje, for enda ei overnatting måtte til, og no på Synstigardsseter'n.

Den femte dagen kom dei endelig til dals, og hestane fann-att stallromma sine på Lyinnom og på Volla. Vi ser ikkje bort frå ar det vanka litt havre i krybba no, som ekstra påskjønnelse for dei strevsomme dagane i marka. 

Og karane - kanskje var det godt å få sette seg til eit veldekka matbord - og få legge seg i sjøl-si seng.

Jo Volla sa etterpå: "E tru mesta hesten satt-ætte litegrann tå na tura, kanskje gjor'n det kar'n å?"

 

Ved Jo Foss

Fra årbok 48, utgitt 2007 av Meldal Historielag

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer