Snekkarverkstaden

 

“Aaserud Trappeverksted” står det med kvite bokstavar på eit raudt hus ved vegen, rett overfor “Sanner”. 


22.09.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Ei lita bedrift ser det ut til å vere, i eit gammalt hus frå mellomkrigstida. Taket er skifta, men den høge pipa og dei smårutete vindauga er der. Og så trappa då, som truleg er nokså ny, men tillaga med utskjeringar og svingar for å fortelje om “snekkarglede”-stilen, ein stil som vitnar om ei tid da handverkarane var dyktige og arbeidskrafta billeg.

Trappeverkstaden gir minningar tilbake til snekkarverkstaden eg kjente godt som guttunge i Trøndelag. Far var snekkarlærar på yrkesskolen, og eg fekk vere med, og hadde egen høvlebenk. Lukt av tre, bjørk, furu og gran - og kanskje til og med brun mahogni, som vart henta ut av skogar, med elefantar, i land langt borte i Asia. Høvlespon og sagflis i gulkvitt. Hornlimet som sto og putra på kokeplata midt i verkstaden. Slipesteinen og dreiebenken. Boremaskina som eg tidleg fekk prøve. Maskinsagene og maskinhøvlane som vart innkjøpte etter kvart og som var farlege for ein guttunge.

Høvlebenkane sto langs to av veggene og peikte inn i rommet. Ved kvar høvlebenk hang dei grå verktøyskapa med standardutstyret; ein hammar og ei treklubbe, ein skrubbhøvel og ein langhøvel i tre, vinklar som hang bakpå høvlebenken. Og så det spanande verktøyskapet i hjørnet, der det var lakk og beis i nedste delen, skruar og stiftar i spesielle skuffer, og fullt opp av treskjering, borar og borvinnar, tenger og tvinger, skrujarn og spikerdorar, vater og nokre store vinklar.

I den eine enden av rommet sto finérpressa; eit stort, tungt monster som vart nytta når finare bordplater og liknande skulle lagast. Finéren kom i tynne, sprøe flak, og liminga gjekk føre seg i stort tempo; hornlimet skulle vere varmt. Vart det avkjølt før finéren hadde kome på plass, stivna det, og liminga var mislykka.

Og så var det meteriallageret; nokre hyller der plater, plankarog fløler låg, til tørk og til utplukkingnår emnet skulle finnast. Det var ikkje alltid lett å få tak i materialer like etter krigen. Fleire gonger var eg med til byen og gjekk rundt hos materialforhandlarar der far plukka ut og bestilte varer til skolen. Ein gong var eg også med ein busstur til Rennebu til ein einsam gard dei hadde liggande tørr og fin bjørk.

Elevane fylte rommet med liv. Vanlegvis var dei 10-12 i talet i 16-25-årsalderen, som strevde med sine ting; kommodar med skuffer som skulle tappast fint samen, bord og skap, senger og dreide skåler - mindre eller finare ting alt etter kor langt det leid utgjennom skoleåret. Og kvar vår var det utstilling, vener og kjærestar, fekk sjå kva som var laga og lært. Etterpå forsvann dei unge gutane ut i bygda og vart bygningsmenn - eller handverkarar på snekkarverkstader. Synet av “Aaserud trappeverksted” minner meg om dei. Men lyden derifrå - han fortel meg at det tar til å bli lenge sidan.

  

fullsizeoutput 48c9

 

Av Eivind Hasle

Fra årbok 30, utgitt av Meldal historielag i 1989

Red: Borgny S. Elshaug

 

Annonser


Medlemmer