Stillferdig siste Vinterlarm-program

Knappe tjue personer møtte fram for å bli betre kjend med Tarjei Vesaas si dikting gjennom Steinar Gimnes sitt foredrag.

 

Eit interessant foredrag om Tarjei Vesaas og diktinga hans vart det i biblioteket mandag kveld.


11.03.2014 -
Kategori: Bok og film

Professor emeritus ved NTNU, Steinar Gimnes, har studert Vesaas og Vesaas-litteratur sidan 1970-talet. Han la i foredraget vekt på at Tarjei Vesaas var ein sers allsidig diktar som brukte alle litteraturformene i diktinga si; han var altså både lyrikar, roman- og novelleforfattar.

Gimnes vektla og dei gjennomgåande verkemidla som Vesaas brukte, som til dømes fortrollinga i "Isslottet", der iskolossen vert til ei isborgmed ein eigen vilje, ei borg som ikkje vil sleppe byttet sitt, jenta Unn.

Steinar Gimnes snakka om novella "Vesle Trask" og om spennet mellom romanane "Det store spelet" og "Fuglane". Han la og fram tolkingar av eit par dikt som Vesaas ga ut på 50-talet.

Ein interessant gløtt inn i ein interessant diktar si verd - det var nok mange som fekk lyst til å lese Vesaas for første gong eller kanskje ta han fram att.

Artig var det at både Gunnar Bonsaksen, Marit Foss Sundset, Laila Ovesen Syrstad, Maj Britt Svorkdal Hess og Margret Sakshaug hadde hatt den gode professoren som forelesar under studiane sine; Bonsaksen for mer enn 40 år sidan.

populærvitenskapelig 010Biblioteksjef Marit Haugen Bergsrønning og professor emeritus ved NTNU, Steinar Gimnes. Gimnes er landets fremste Vesaas-kjenner.

Foredraget vart det aller siste skriket i årets storslagne Vinterlarm, eit stillferdig, men viktig lite skrik...

AMS

Foto: Marit Bjerkås.