Årboka fra Meldal Historielag kommer snart.

Årets bok er nr 61 i rekken

Omdelinga må gjerast på ein annan måte i år, og dei som vil ha ekstra bøker må ta kontakt med grendakontakten eller styret i Historielaget. 


18.11.2020 - Aud Inger Kalseth


Koronaen gjer også at blir inga samling for grendekontaktane i år, eller haustfest som det og blir kalla. Vi får tru at tradisjonen kan førast vidare neste år

Grendakontaktane vil legge årboka i postkassane til mottakarane, om ikkje grendakontakten sjølv vurderer det slik at personleg levering er den beste og forsvarlege måten.
Kvart hefte kjem med ein bankgiro og med Vipps-nummer, og vi håpar at dei aller fleste betaler på dette viset.
Grendakontaktane får som vanleg nokre ekstra hefte som kan seljast til mottakarar som treng fleire.
Grendakontaktane gjer ein stor og verdifull innsats for historielaget, og vi håpar at desse omleggingane i den spesielle situasjonen vi er oppe i, ikkje fører til store ulemper.

Meldal Historielag seier takk til alle som sender stoff til årboka, og ønsker seg meir.

 

 

Tekst: Aud Inger

Kilde: Kåre Lilleholt

Annonser


Medlemmer