Barselmat - sendamatgraut

 

Tante Gjertrud var gift med meieribestyrar Rasmus Jordet. 


10.03.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Ho fortalde at da Størker kom-te, fekk ho 53 grautar (frå heile meierilaget). Det var brukeleg med grautgåvvå til å legge i korga + ein smakebit av brødet som gjerne fylgde med grauten (frå Kari Jordli fekk ho i tillegg også ei svineribbe). Ho tinga seg 30 små grå mugger som ho tenkte skulle strekke til, men det blei ikkje stort meir enn til det halve.

Ho fortalde vidare: Ein laurdags ettermiddag atter ei stri veke med besøk av nye barselmatkjerringer og graut i massevis som sto i ring på bordet i spisskammerset - kom ho ut på gangen, og der sto det atter tri koner som hadde sett frå seg kvar sin grautkomme med eit langt kvitbrød med mellommatkake oppå. Så måtte desse trakteras på vanleg vis - på trass av at ho syntes det var nok både graut og brød. Då desse tre så vidt hadde reist, kom det enno fleire om kvelden.

Fru Støren (“Frua” som ho vart kalla), fekk ein masse grautar - da det først bar-te. Men folket visste ikkje riktig kva frua tykte om skikken. Men så var målar Sæther der på måling og fortalde om alle grautane kona hans hadde fått. Då bemerka fru Støren: “Sæther har fått så og så mange, men jeg har ingen fått”. Dette kom-ut, og grautane kom i massevis.

 

Jo Foss

(Frå fars notater - fortald av Gjertrud Jordet)

 

Fra årbok 34, utgitt av Meldal hitorielag i 1993. 

 

 

Red: HIlde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer