Dei første skuleår (del 3)

 

Fossen (i dag Storås) var 4-delt skule, og vi gjekk på skulen annakvar dag.


07.03.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Målformer og læremidler

Dei dagane vi var heime hadde vi relativt mye leksearbeid. Det ser ut til at denne ordninga var godt brukbar, og at den mesta var på høgde med fulldelt skule kvar dag. Ein fordel var det vel at vi på denne måten fekk delta meir i praktisk arbeid.

Nynorsk vart innført som skulemål i Fossen eitpar år før eg tok til der - eller landsmål som det heitte den gongen.Utskifting av lærebøker kunne ta litt tid. Eg kan hugse at Ingvar hadde "Forklaringa" på riksmål (bokmål), og vi hadde øyrene vidt åpne når han vart høyrt. Rart tykte vi det var når Ingvar snakka om "…de som kastes utenfor, hvor der er gråt og tænders gnidsel". "Skulin" (Sigurd Nilsen) måtte peike i vår eiga forklaring der det sto "…der dei græt og skjer tenner". Det var lettere å forstå.

Det viktigaste læremidlet inne i skulerommet var vel tavla, ved sia av bøkene da. Den vart flittig brukt, både av lærer og elev. Retting av rekneoppgaver foregikk der, og av ordfeil i norsk osb. Eller aller først: Når vi skulle lære alfabetet og enkle ord. Ei av jentene i klassen, Oddny, var ein meister i til å tegne, og fekk ofte utfolde seg på tavla, med hus fuglar og blomster. Vi andre fulgte nok på, men i meir primitiv stil.

Kristendomsfaget hadde ein svært stor plass i vår første skule. Mange vil nok meine at det til ein viss grad fortrengte annan nyttig lærdom. Frå første dag hadde religionen sin viktige plass.

I småskulen hos oss åpna dagen med "Sjå soli sprett i austerrett" og avslutta med "Fager kveldssol smiler", eller med fedrelandssalmen. Salmevers lærte vi på rams, det same med forklaringa til Luthers Katekisme. Bibelsoge var eit stort fag, med mange artige fortellingar.

Vi fann ut at mange var slemme også den gongen, som da Josef vart kasta i ein tom brønn av brødrene sine, og etterpå selt til, kjøpmenn frå Egypt. Godt var det da at han var gløgg nok til å bli sjef for livgarden hos Farao, og endatil kunne hjelpe folket sitt med korn da uåra meldte seg.

Det hendte at soknepresten tok ein tur innom skulen. Kirka hadde eit lovpålagt tilsyn med skulen, og Peder Berge skulka ikkje sine plikter. Det gjekk alltid bra.

Lærarinna - og seinare "Skulin" - heldt seg til enkel barnetru utan vanskelege dogmer, og gjekk ikkje utom det som sto i bibelsoga, forklaringa og salmeboka nokså bokstaveleg.

Vi kan notere som ein mangel at vi ikkje fekk den minste kjennskap til andre folk sin religion. Alt slikt var heidenskap og verdilaust. Dette var ikkje læraren sin feil, men låg i heile opplegget for faget. Gjennom Norges-soga fekk vi i dei siste åra på folkeskulen med litt om katolsk tru og praksis, gjerne da litt negativt farga. Islam høyrde vi ingenting om. Og dei norrøne gudane var folkekjære og artige, meir å likna med nissar og troll.

Geografi vart favorittfaget mitt etter kvart. Det likaste var å tegne kart og få elvar og store byar på plass. Fjell og ørken hadde eg greie på. Ein gong var gamle Ola Lilleås hos oss. Han hadde vore fødselshjelp for ein kalv som sat fast (han Ola kunne meir enn anna folk med slikt). Han hadde tatt meg opp på fanget og fann fram globusen, peikte på ørkenen Sahara og ville vite kva det var for noko. "Hadde du likt å bu der, du?" var svaret. Eg fekk stort skryt av Ola for det svaret, og det vermte, kanskje mest fordi skrytet kom frå ein som hadde ei høg stjerne hos bøndene omkring.

Norskfaget var det viktigste. Både Jenny og Sigyrd la stor vekt på å lære oss god bruk av morsmålet. Stiloppgaver hadde vi ofte, og raudblyanten var flitig brukt. Men eg synes i dag at det kunne vera for sterk vekt på fornorsking. Substantiv vart kalla "namnord", verb vart til "gjerningsord", adjektiv vart "eigenskapsord". Geografi vart kalla "landkunne". Men likevel: Nynorsken var utan tvil med på å løfte bygdekulturen opp og frem gjennom mange, mange år.

 

 

9C4B13C5 63AF 4B58 BD9E D100E7235B7E 1 201 a2

 

Enkelt, men trygt

I dette tilbakeblikket har det vorte mest om dei første åra, altså småskulen. Dersom helse og tanke held seg, kan det hende at Årboka får litt meir seinare om dei siste år i folkeskulen. Men ettersom det akkurat no skjer store endringar med skuletilbodet i bygda, vil eg avslutte med noen ord omkring grunnskulen som eit heile (eller - skolen som det heiter no).

Eg har nemnt at på den tid da eg tok fatt på skulegonga, var det ni kretsar i kommunen. Dei aller minste hadde 2-delt skule, og det vart ein ulempe. I 1926 kom det ny skulelov med normalplaner og auka lesetid, med høgare krav til storleiken på krets og klasse, og med delvis gratis skulemateriell. krigen kom og sette ein midlertidig stoppar for endringane, men alt i 1966 var situasjonen at Løkken-skulane var samla og "bøgda" strukturert til fire kretsar.

Det har gått snart 80 år sia guttungen tusla inn på skulegarden i Fossen. Vi har bak oss eit år da nye tider for skulen her i Meldal trenger på. Harde ord er brukt i den sammenhengen. Enkelte har gått ut med ufine og usaklege konspirasjonsteoriar mot kommuneleiinga. Men alt er i denne saka no på eit fornuftig spor, til beste for barna og bygda, slik eg ser det.

Så må vi huske at kvaliteten på skulen vår til sjuande og sist avheng meir av lærar og personell enn av skulehus og utstyr og plassering. I så måte var vi heldige vi som gikk i Fossen skule i 30-åra. Stabiliteten var stor når det gjaldt lærarkrefter, så stor at Sigurd Nilsen også hadde vore "Skulin" åt ho mor Anne. Ho fortalte om ein ivrig og dyktig ung lærar som erta henne litt ved at det rett som det var skulle synge "Eg heiter Anne Knutsdotter…" som budde på ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu (bestefar heitte Knut). Også Jenny Strand var hos oss i mange, mange år, og gjorde stor og trufast tjeneste her.

Det var trygt og greitt å ha desse to modne lærarane. Dei hadde ein naturleg autoritet - trong ikkje bruke høgmålet - og vi som elevar var opplært heimafrå til folkeskikk og til å ha respekt for læraren. Tida har nok ført med seg ein langt betre skule, men også meir uro på alle vis.

Alle i "min" småskule gjorde det visst bra i livet, i samsvar med formålet i skulelova om å utvikle oss til "gagns menneske".

 

Grunnlaget som vi fekk på "skulam" var godt nok til det meste, sjøl om det var utedo, og eit inneklima der temperaturen kunne vera borti 30 grader ved pulten innmed vedomnen og kanskje halvparten for dei som sat ved vindaugene når det var sprettkaldt. Fossen skule var nyleg flytta frå opprinnelig plass ved Losbrua, og mangt var bra, f. eks. at vi hadde "sprut-opp-vatn" til å drikke av i klasserommet. det var nok mye verd i ei tid da tuberkolosen var ei svøpe i mange heimar. Og vi hadde stort uteareal, med rom for både fotball og ryggtak, og vi hadde skibakke med spretthopp. Slikt skaper folk av ungane.

 

 

Ved Knut Svinsås-Loe

Årbok 50, 2009. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer