Ein vinterdag

Foto er utlånt av Otto Dragset og viser to jenter utenfor Drogsetmoen skole

Skulestil skriven i 4. klasse (6. skuleår) ved Drogsetmoen skule i 1927 av Olaug Drugli.


23.06.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Ja, ein vinterdag kan vera både fin og ikkje det. 

Eg minnest ein uhorveleg styggversdag. Det var ruskut og kaldt og djup snø, vind var det så det forslo. Vi skulle til eit gravøl utpå Rindalsskogen. Skulde køyra med “svarta”, for vi skulde liksom vera nasjonal. Vi såg det var styggver ute, men tykte berre det skulde gjeva seg.

Da vi hadde sett oss i sluffa og køyrt eit stykkje, stod snødrevetjamnhøgt med hustaka. Men vi kunne ikkje snu, vi måtte fram. Var det veg, så skulle nok “svarta” syrgje for at vi kom dit me skulde. Ho hadde vore ute ein dag før.

Sluffa var god og sitja i, men snøen dreiv oppi til oss, so vi var heilt kvite. Vi måtte berre halde klærne kring oss, fekk ikkje til å sjå opp ein gong. Veg var det heller ikkje da vi kom eit stykkje. At vi kom fram, det trudde ikkje eg. Mane på merra stod ende til vers, eg trur heller ikkje ho fekk til å halde oppe augone alltid.

Vi trefte i bilar som hadde stoppa og sjåførane hadde forlate dei.

Eg kjem likevel fram med hest ein slik dag. Når vi for framum folk kom dei ut og ville sjå kven det var og sa at vi skulde kvile på, og sume sa vi måtte vera til over natta. Det måtte da stildne. Det tok snart til å bli likare, vi fekk iallfall sjå føre oss, men vegen var fullpakka av snø. Sluffa og det som var i ho låg berre å velta frå kant til kant. Fleire gonger velta det riktig på sida og vi som sat oppi måtte av å velte om-att. Verst var det for “svarta”, ho sveitta og drog.

Det er ikkje rart ¨vera hestar slike dagar. Eg har ikkje nokon gong vore så glad eg har kome fram til folk. Vi kom fram, men mange bilar vart ståande i snøen.  Og telefon-linor og ljoslinor vart nedbrote. Snøen hengde opover husveggene. Der det ikkje var alt-for høgt op til vindaugone måtte folk maka snøen frå. Og vegar måtte makast, det var ikkje tale om å bruke bil eller hestar.

Ikkje har eg nokon gong vore ut ein slik dag, og det var ikkje mykje folk ute den dag, når dei ikkje hadde trong til det. Eg kom til å tenkja på folk som er ute på havet slike dagar. Mange menneskjeliv er det som har vorte borte på det opna havet eller sjøen.

Inne i landet veit ein ikkje så mykje av styggveret, ute i sjøbygdene er det verre. Der bles det alltid so å segja. Eg har vore oppå fjellet når det har kome styggver over ein før ein visste ordet av, det er ikkje artigt. Det kan koma so skart at ein ikkje veit å finne heimatt.

 

Fra årbok nummer 34, utgitt av Meldal Historielag i 1993.

Red: HSE

 

Annonser


Medlemmer