Minne frå barndomen

 

Peder Olsen Solemsøyen


10.02.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Paul Anderson Skjenholt fra Hemne fødd i 1792 var dreng på Solem og rudde seg ein plass der som vart kalla Øya. Peder vart gift med Marit Monsdatter Bjørkhaugen ved Orvatnet omkring 1820. Marit var fødd i 1801. Dei hadde fire bonn, av desse var Ole, fødd i 1828.

Ola, “Paulin” kalla, flytta ut frå Solemsøya og bygsla ein plass, Fosshåggån. Han tok med seg faren, han Paul, da han flytta ut. Dette romet ligg 6-700 meter lenger sør.

Eldste sonen til ole var Peder Olsen, og han tok over bygsla etter bestefaren, Paul, på Solemsøya. Søskena til Peder Olsen flytta heimafrå så snart dei voks til og hadde fått prestehanda på seg.

Han Peder Olsen fødd 1855 vart gift med Ingeborg Hansdatter Øverhokold f. 1844. Ho var såleis 11 år eldre enn Per, mannen sin. dei hadde tre bonn, Randi f. 1878, Hans f. 1880 og olina f. 1886. Olina hadde ei dotter. ho var den siste av slekta som budde på Øya.

Han Per var som faren netthendt og flink og gjorde mesta kva det var. Han var tømrar, smed og dreiar og snikkar. Han dreiv plassen oppi Øya, han dreiv markaslått og drog heim høyet som sto i stakk oppi Stampom. Det var så bløtt oppi Stampom at han gjekk med tryga og slo myrstårr som han råkkå lenger innpå “land” og tørka.

Han Per braut opp og rydda bort mykje stein oppi Øyen. Store røyser og stenutgara viser om tung dreft heile tida frå 1820-årom da Paul tok opp ryddinga i Øyen.

Han Per hadde sykkel og kjaur åt handlarom. I 1930 var eg i Oppigar på onna, og oss kjaur høy frå Heggøya. Vegen var smal, og høylassa var brei, og han Per prøvde å kjøre forbi på høgre sia, men det var for smalt til å kjøre forbi, han tok borti lasset med høgre armen og tippa uti grøfta. Heldigvis gjekk det godt. Han Per hadde aldri haurt om vegtrefikklov.

Per Solemsøyen døydde i juni 1945.

 

Ved Sverre Jarp (92 år i 2006)

Hele historien kan leses i årbok 47, utgitt av Meldal historielag i 2006.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer