Da var eg 11 år

 

Våren 1904 kom ein mann frå Svorkbygda i Orkdal til heimen vår på Svinsås for å tinge seg gjetar for sumaren. Det var bror min - han Ola, som var 2 ½ år eldre enn eg han tok sikte på.


21.01.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Etter noko akkordering mellom far og denne mannen om lønn og slikt, vart det til at Ola skulle utover og ta denne jobben.

Det var tronge tider. Far hadde just kjøpt dette småbruket på Svinsås der det var huslaust, og jorda utmagra og det var mange munner å mette.  Og daglønna for ein arbeidar var ikkje rar, så det var ikkje så greitt.

Da tidi nærma seg at Ola etter avtalen skulle reisa utover til denne gjetarjobben, vart Ola sjuk, han. -Og kva då? -Jau, da måtte eg som “fyrste varamann” gjera meg klar til å reisa i staden. Men berre førebels, til Ola, som me vona, snart skulle bli frisk att. Eg hadde lite lyst til dette, men kva hjelpte det? Det var ingen veg utanom, sjøl om eg var så ung og grøn, ikkje fylt 11 år eingong.

Og så, tidleg ein laurdagsmorgen tok far og eg iveg. Eg visste ikkje om Svorkbygda låg i øst, eller vest, så det var klart at far måtte vera med. Eg var ellers forundra over at han kunne veta det, mins eg.

Me gikk over Svinsåsmarka, gjennom Laksøybygda, på vestre si åt Ringavatnet og Hostonvatnet., og viar i same lei. Endelig var me frame ved Eie, som dei kalla den garden til dagleg. Mannen på garda, han som hadde vore hos oss, kjende eg att, han heitte Ola. Kona heitte Anne. Dei kunne vel båe vore i 50-60-årsalderen. Og så hadde dei ein son, og han heitte Peder. Han kunne væra i 20-30-årsalderen. Han var ugift, så det var ikkje meir folk i huset.

Far og eg vart bede til bords og vart servert mat så me fekk eta oss mette etter den lange turen utover.

Da far hadde kvild litt måtte han ta på heimveg att. Det vart ein dryg tur att og fram på ein dag. Far var da 42 år og han hadde all sin dag lett for å gå, så det gjekk nok bra. Eg mins eg kjende meg bra einsam millom desse framande, vaksne folka da far hadde gått.

Dagen etter var altså søndag, da heldt husbonden som seg hør og bør, andakt. Da måtte me andre sitte stille og lye. Ellers leste han høgt frå Bibelen også andre dagar. Og han satte også meg til å lesa avsnitt frå Bibelen om kveldane.

Men om han var ein slik varm og ihuga kristen, var han ein temmeleg streng herremann, og alle mått danse etter hans pipe.

Fyrste dagen var eg med på ymse gardsarbeid, men andre dagen måtte eg vera med Olaoppi marka så han fekk vise meg eigedomsgrensene, og vise meg kor det var beste beite og ellers gjera meg kjend. Men han Ola var ingen sprek markatråvar, så langt fra det. Han hadde tungt for å puste. Han hadde visst astma - kanskje bronkitt og.

Dagen etter vart buskapen slept opp i marka og ansvaret for dei vart lagt på mine unge og smale skuldre. Kuene og sauene måtte beite saman, men det var det ikkje alltid dei hadde lyst til. Dei ville gjerne dra iveg på kvar sin kant.

Når eg kom ned til kvelds med buskapen og hadde fått kuene inn i sumarfjøset, og sauene inn i innhenginga, var eg ikkje fri med det. Dei hadde sin nepåker som eg hadde fått i oppgåve å renske opp i om kveldane.

Ein dag eg kom ned med dyra, vanta det ein sau og to lam. Da ho Anne kom for å mjølke og ho fekk veta det, vart ho ikkje nådig. Eg vil ikkje sette ned på papiret det ho sa. Ho sparte ikkje på konfekten.Da ho sa at eg måtte opp i marka å let opp teksa med ein gong, våga eg ikkje å nemne at eg var svoltin. “Du ska få mat når du har funne att teksa, itj før”, sa ho. Ja, så måtte eg berretraska opp i marka att om eg var aldri så svolten. Redd var eg og.

Da eg hade traska mest heile marka utan resultat, satte eg meg gråtande og motlaus ned på ei lita lyngtuve. Da kom tanken åt meg at eg kanskje skulle gjera som han Ola husbonden å prøve og be. No fekk eg liksom nytt mot og ny von og tenkte at bakom den vesle haugen der borte går sikkert sauen, der finn eg han. Men da eg kom dit var det ingen sau der.

No laut eg ta ei avgjerd, anten tråle marka ein gong til, eller gå ned på garden utan å ha funne sauen.  Eg peila ut benaste vegen ned. då eg kom fremst frammi marka og ikkje hadde langt att, fekk eg med eitt sjå sauen og lamma borte på ein kolle. Spør om eg vart glad. Det gjekk greit å få dei ned og inn i innhenginga.

Da eg kom inn var det bare ho Anne som var der, og da ho fekk høyra korleis det hadde gått sa ho berre: “du må sett deg attåt bordet og eta no da”. Ho hadde koka graut til kvelds. Den kvelden slapp eg å gå nedi nepåkeren, eg fekk gå og legge meg.

 

Lars Korsnes

 

Hele historien kan leses i årbok nr. 28. Utgitt av Meldal historielag i 1987.



Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer