Personnamn ved folketeljinga i 1801

 

For den som er interessert i lokalhistorie, er folketeljingane ei viktig informasjonskjelde. 


21.07.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

I teljingslistene finn ein fullt namn og alder på kvar person, ordna etter bustad. Vidare er sivil stand og yrke (eller stilling i hushaldet) oppgitt, og for personar av same husstand også slektskapen mellom dei (dersom dei er i slekt). I dei fleste bygdebøkene er mykje av tilfanget henta frå folketeljingane.

Listene frå folketeljinga i 1801 er no tilgjengelege på internett, det elektroniske "biblioteket" som inneheld opplysningar om det aller meste. Ved denne folketeljinga var det i Meldal, (som da og omfatta Rennebu) om lag 4200 personar. Dei fleste av bønder, husmenn, kårfolk, eller heimeværande barn, men mange var også tenarar, ogelles var det ein og annan handverkar. På Løkken var det mange som arbeidde ved gruva.

Berre embetsfolk og andre innflyttarar var registrerte med familienamn, elles var farsnamn med tillegget "son" eller "dotter" nytta som etternamn. Av førenamn (døypenamn) var det kring 200 ulike namn, mange med to eller fleire skrivemåtar. Namnet Gunhild var t. d. skrive på heile fem ulike måtar: Gunhild, Gunild, Gunil, Gunnil, Gunnild. I nokre høve er skrivemåte ved folketeljinga heilt i samsvar med den som er nytta i bygdeboka. To førenamn var vanleg i embedsmannsfamiliar, men sers sjeldsynt mellom "almuen".

Somme namn var sers vanlege. Ole (i daglegtale Ola) gjekk att heile 408 gonger, det vil seia at mest kvar femte meldaling av hankjønn hadde dette namnet. Dei andre namna som er mest nytta, var Jon (200) Erik (128) Anders (103) og Arn (96). Også Peder (71) Thore (65) og Lars (65) var vanlege namn.

Av kvinner var det flest som heitte Marit (319) deretter fylgde Ane (279), Ingbor (245) og Kari (162). Også Giertrud (118), Gurru (108) og Randi (97) var vanlege kvinnenamn. Litt mindre nytta var Beret (62) og Brit (61).
Dei fleste namna som var vanlege i 1801, har vore mykje nytta også dette hundreåret, men somme har vore lite nytta. Eit slikt namn er Jodda (eller Jåddå), i 1801 var det 35 kvinner som hadde dette namnet i bygda. For andre namn har skrivemåten endra seg så mykje at det kan vera tvil om det er same namnet, t.d. Gurru - Guri eller Dordi - Dothea. Sivert og sjur var om lag like vanlege former i 1801, seinare gjekk sjur ut av bruk, men vart nytta i daglegtale også om skrivemåten var sivert.

Namnebruken i bygda har endra seg mykje sia 1801. Den nasjonale bylgja som fylgde i kjølvatnet etter 1814 og 1905 førte til at fleire av namna frå eldre norsk soge vart populære.

I åra etter den siste verdenskrigen har mange namn, serleg engelske, kome inn. Om desse namna er liv laga i norske byger, vil berre framtida syna. Den auka samtrafikken med både innland og utland vil truleg føra til at namn vil koma og gå mykje raskare enn i tidlegare tider. At den gamle skikken med oppkalling er gått av bruk, vil dra i same lei. Men også dei gamle namna bør haldast i hevd. Dei er ein viktig del av kultursoga vår.

 

Ved Ola Syrstad, Ås.

Kjelder:
Folketeljinga 1801. Tilrettelagt av historisk institutt, Universitetet i Bergen
Meldal bygdebok bind 1-5

Årsskrift 1997
38. i rekka

Red: Borgny S. Elshaug

 

Annonser


Medlemmer