Torleiv Spake

 

Meldalingen Torleiv Spake, kjenner vi frå Snorre sine kongesagaer. For oss er han mest kjent som fosterfar til Eirik Jarl.


19.08.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Men det som gje Torleiv verkeleg dimensjon, er at han truleg  var med som rådgjevar både da Gulatingslova og Frostatingslova vart utforma av Håkon Adalsteinfostre (Håkon den gode) fram mot år 950, og kanskje ved utforminga av den islandske grunnlovgjevinga på same tid.

Orda "Truleg" og "kanskje" er brukt med vilje, fordi det framleis ikkje er så heilt klart når sagatekstene snakker om meldalingen Torleiv Spake, og når dei snakkar om bestefaren hans i Hordaland med same navn.

 

Ein “innvandrar”?

Sagaen fortel som sagt om to personar som heitte Torleiv Spake:

1) Torleiv Spake i Hordaland som var storætta bonde og dessutan legekunnig. I ætta hans var menn som Erling Sjalgsson på Sola, Klypp Herse og Aslak Fitjarskalle, alle kjent frå Snorre, og ætta hadde greiner til Trøndelag.

2) Torleiv Spake i Meldal som var dotterson til Torleiv i Hordaland. Denne Torleiv Spake i Meldal var fosterfar til Eirik Jarl (Eirik Jarl var var son av Håkon Ladejarl).

Det har vore god latin å tru at det var Torleiv Spake i Hordaland som hadde så sterk finger med i den nordiske lovgjevinga. Men han levde Halvdan Svarte og Harald Hårfagre si tid, medan meldalingen Torleiv Spake levde samtidig med Håkon Adelsteinfostre ("den gode") og Håkon Ladejarl. Det er desse siste, og mest "den gode", som er tillagt samlinga av gamal sedvanerett til Gulatinglov og Frostatingslov. Dei samarbeidde begge med ein Torleiv Spake.

Når ein har meint at denne Torleiv Spake var hordalendingen som bl.a. tyda Halvdan Svarte sin draum om den norske kongeætta, kjem det vel av at det var Gulatingslova som var lagt i botn for dei to andre lovene eg har nemnt. Korleis kunne dottersonen, ein Trønder, kjenne rettstradisjonen bak den, og føre den vidare?

Forklaringa kanvera såre enkel:

At den yngre Torleiv Spake kom til Meldal som ung mann for å overta ættegard(ar) her. Tradisjonen seier at det gjaldt Ås (Storås) og Lo. Amtsskolelærar Kufås og statsarkivar Anders Todal har i sine skrifter serskilt nemnt Lo som Torleiv Spake sin gard.

 

Torleiv fostra Eirik Jarl

Snorre skriv i Håkon den godes saga:

“En vinter reiste Håkon Jarl til Opplandene i et gjestebud. Der lå han med ei kvinne; hun var av lav ætt. Men da det var gått ei tid, så var kvinna med barn, og da barnet ble født, var det en gutt; de øste vann over ham og kalte ham Eirik. Mora tok gutten med til Håkon Jarl, og sa at han var faren. Jarlen lot gutten vokse opp hos en mann som het Torleiv Spake; han bodde i Meldal.”

Det neste vi høyrer om Torleiv Spake og fostersonen hans, kjem i Olav Tryggvasons saga: Torleiv er ute i leidang, har vel segla ut Orkdalsfjorden og er komen sør til Møre. Han har den unge Eirik med, han er berre 10-12 år gamal.

Men den unge herremannen fører allerede eigen båt, og krev å få legge denne båten nærast Håkon Jarl sitt skip om nettene.

Han kjem i klammeri med Skofte Skagesson, som har rang for denne plassen under nattelæge. I første omgang må Eirik gje seg. Han er i Meldal vinteren over, men viser vel noko av sitt "sanne jeg" når han alt neste år, som 13-åring, drar til Møre og tar hemn ved å drepe Skofte.

Sitt Jarlenamn fekk Eirik av danskekongen, han deltok på norsk side i slaget om Hjørungavåg (saman med faren Håkon Ladejarl), men var på dansk/svensk side i slaget ved Svolder og medskuldig i Olav Tryggvason si ulykke der. Ved mågskap  var han sterkt knytt til dei danske kongane Svein Tjugeskjegg og Knut den mektige, og var mykje i deira teneste.

Ikkje så rart kanskje at ettermælet har flekker av maktsjuke og kjøpslåing, ja også svik. Men ein betydelig mann var han, og saman med halvbroren Svein hadde han i mange år det faktiske herredøme over storparten av landet vårt.

 

“Torleifur hinn spaki”

Den gamalnorske nemninga var vel omtrent slik, og betyr “Torleiv den vise”, eller “Torleiv den tenksame”.

Snorre gje ellers ikkje meir opplysning enn at “Torleiv var en klok og rik mann og en god venn av jarlen” (dvs. Håkon Ladejarl, Eirik jarl sin far).

Far min, Ingvald, var på Island ei tid i 1961, og vart der kjent med skolestyrar og bonde Sigurdur Greipsson, som var sterkt historisk interessert. Serleg hadde han samla stoff om landnåmstida og om lovgjevinga på Island.

I eit brev til far, datert 19. april 1962, skriv han at “Torleifur hinn spaki bjó i Meldaldal i Trondalagen” og at han var morbror til den Ulfljot som fekk namnet sitt knytta til til den islandske grunnlova som “Ulfljots lov”. Sigurdur skriv og at denne Ulfljot hadde reist til morbroren sin i Meldal for å rådføre seg om utforminga av lova.

Dette ser soleklart ut. Men det er ein hake ved brevet frå Sigurdur: Han seier at Torleiv var son av Horda-Kåre, og da er vi tilbake til "vår" Torleiv sin bestefar, Torleiv Spake i Hordaland. Tvilen er der framleis: Var medalingen Torleiv Spake ein av tida sine mest lovkunnige menn, eller var han "berre" Eirik Jarl sin fosterfar?

 

Gjennom papir som historielaget v/Gunnar Sølberg skaffa meg, går det fram at Torleiv sine etterkomarar kom seg godt til rette.

Ein soneson, Kale Sæbjørnson, vart lendemann i Agder, og noko av det vi veit om Torleiv er skaffa frå Aust-Agder Museum gjennom distriktsveterinær Ottar Ribe i Børsa.

Denne sonesonen, Kale, fall i eit slag i Irland i 1103, saman med kong Magnus Berrføtt. Kale hadde etter seg sonen Kol, som av Sigurd Jorsalfar fekk jarledøme på Orknøyane og tok namnet Ragnvald Jarl.

Den same Kol fekk gjennom giftarmål ættefrender bl.a. på Storfosna.

 

Knut Svinsås-Loe                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                              

IMG 7153

                                                                                                                                                                                         

 

Fra årbok 39, utgitt av Meldal historielag i 1998.

Red: Hilde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer