Husmannsplasser i Systogrenda

 

"Det er soga om det harde slitets menn og kvinner, i fattigdom og svolt, buande i låge og små hyttor, med fillete born som inga framtid hadde.”


04.02.2017 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

I årboka for 1966 har Martin Foss méd eit stort arbeid om utviklinga av husmannsvesenet i bygda vår. Han skriv m.a: ”-Mange forfattarar og bygdeskildringar har idealisert og romantisert stande, - men det er vel mer realistisk å sjå dei gamle husmenn som trælane sine arvtakarar, eller midt mellom træl og fri mann."

Husmenn hadde jorda i leige av eigaren av garden. For dette måtte dei arbeide for bonden etter ein husmannskontrakt. Dei tenester husmannen skulle gjera kunne vera noko ulikt, men i dei aller fleste tilfelle var det arbeid i onnene, på tider husmannen hadde mykje å gjera også heime på husmannsplassen.

Fra Bygdesoga 2

I ein husmannskontrakt for Erik Hansen Udløkken frå 1864 med bonden Erik Johnsen på Utstuggu Lo, er krava forma slik:

-Den aarlige Afgift for pladsen skal betales med Arbejde Toe - siger Toe Vekers Arbejde af en voxen Mand i Slaataanden, og ligeledes 2 mælinger at skjære, en Arbejdsdag i Plovonden og en do. paa at istandsætte Mærkesgaardene.

Etter Nils O. Lykkja “Gard og Ætt” er det teke inn som ein nokså vanleg kontrakt for leige av jord og tomt:

Arbeid to veker i sottonna

Skor av to-fire mål åker

Gjeting av buskapen ein dag i veka.

 

G.nr.143 Nermoen. Det var Jonas Toresen Segard Syrstad som bygsla jord og busette seg her først. Frå 1849 vart det eit eget gardsbruk. Ole Eriksen Muan kjøpte denne eigedomen saman med eigedomen Muan. Det vart også eit jordbytte ved at denne eigedomen vart lagt til Nermoen mot at denne eigedomen bytta bort Langvatnet.

I denne tida hadde garden sin stortid. Bonden, han Lars frå Rennebu og kona Ingeborg Moe bygde nye store bygningar. Lars var einaste poståpnaren i kommunen frå 1850-åra fram til Simen Tøfte tok over i 1871. Døtrene Anne og Olava tok over eigedomen frå 1897. Søstra Johanna som  vart gift med Ole Nordvoll, var jordmor.

Ei anna dotter, Elise, vart gift med Edvard Staveli og tok over eigedomen som seinare vart selt ut av slekta.

G.nr. 144 Segard

B nr. 2 Storsletta ligg på sletta mot nord i grenda og var husmannsplass frå 1855. Dei første som hadde bruket var Ola Olsen Håbjørgen, gift med Mali Syrstadvoll. Sjøleigar frå 1866.

Yngste sonen Ola, vart gift med Randi frå Horg og tok over bygsla og førte eigedomen vidare til dotra Marit som vart gift med Erik Solemsmo. Seinare tok dotra deira, Randi og mannen Per Syrstadvoll over bruket. Neste generasjon, sonen Erik, gift med Solfrid, har nå Storsletta.

B. nr. 3. Systomoen (Snikkarmoen). Dette romet låg lengst aust på flata til Systogrenda opp for Kølmoen. Husmann frå ca. 1790. Dei første som var her var Johan Eriksen Grytbakk, gift med Marit Midtskog. Fleire slekter har hatt eigedomen. Den som har hatt den lengst, var slekta etter Ole P. Bolland frå Flå i Gauldalen f. 1832, gift med Johanna Grutaplass. Eigedomen er nå selt, og husa rivne.

Nordgjerdet låg nedafor vegen nær Oppigard. Tore Toresen var husmann her ved folketeljinga i 1701.

Anders Toresen Syrstadgjerdeplass f. 1778 gift med Kirsti Olsdatter frå Nylykkja i Hedmark født 1802 tok over plassen, men flytta husa og busette seg seinare i Volløymarka og tok med seg namnet til “Gjerdstuggu”.

Ragnhildstuggu var ein plass som låg i dolpa nedfor Systovollan. Plassen er også nemnt som Nyguttu og Kirstistuggu. Dei hadde slåtteteig i Jøsådalsfjellet mot grensen til Møre og Romsdal. Det var Ragnhild fra Nordgjerdet født 1800 som bygde her.

G.nr. 145 Systogjerdet (Nystuggugjerdet)

Sørismoen

Gjerdet låg sørvest for Sørismoen

Kalvhåggån vart husmannsplass frå 1880

Sybrustuggu var ein plassrom ved riksvegen sør for Sya.

Nordgard g.nr. 145, Holia ligg oppe i lia nær Sya.

Kissten ligg oppe ved Systogjerdet ved sia av Kalvhagen.

Oppigard g.nr. 148

Øklendet som ligg veg brua over Orkla, var ferjeplass for trafikken over elva frå gammelt av. Ola Andersen Høydal født 1819, fikk bygsel frå 1857. Sjøleigar frå 1897.

Ellingshagen (Rønningen) som til dagleg har vore kalla “Håggåhåggån”, ligg ikje langt frå Volløymarka sør for Øyhaugen. Elling Eriksen Hilstad født 1769, gift med  Marit Evensdatter Resell, bygsla romet.

Systolykkja låg ved grensa til Volløymarka.

Systoflotten 1 som ligg høgt oppfor Systovollan, var husmannsplass frå Oppigard. John Ellingsen Kjerstad og kona Marit Arnest. Gjerstuggu bygsla ein plass her.

Systoflotten 2 var først ein husmannsplass på jord frå Nermoen.

Syrstadegga låg under bakkane ikkje langt frå Kølmoen. Ola Hanson, født 1775, gift med Randi Iversd. Mælen, bygsla plassen i 1833.

 

 

Ved Johan Syrstad

Kilder: Nils O. Lykkja, “Gard og ætt”.

Hele artikkelen kan leses i årbok nr. 54. Utgitt av Meldal historielag i 2013.

 

 

IMG 5555

 

 

 

 


Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer