Sara Levins kiosk på Løkken

 

Midt i Løkken sentrum, står en liten rød trebygning. I dag (til og med 29.09.2016. red. anm.) er det frisørsalong her, og før det heldt Husfliden til her nokre år.


01.10.2016 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Men i mange tiår på 1900-talet var det Levins kiosk - ein stad der folk på Løkken kunne handle aviser, postkort, blad, frukt, karameller, sjokolade, is, tobakk og sigaretter.

Inne på kiosken regjerte ei lita og mørk dame med full kontroll. Det var Sara Levin. Ho hadde ein eksotisk utsjånad for ho var jøde.

Sara Bela Levin var født i Narvik i 1903. Faren var fødd i Russland og kom hit til landet på 1880-talet.

Den norske grunnlova frå 1814 slo fast heilt til 1851 at “Jøder ere fremdeles udelukkende fra Adgang til Riget”. I striden om jødeparagrafen hevda motstandararne av opphevinga at Noreg ville oppleve masseinvasjon av jødar til landet. Det skjedde ikkje. I Noreg auka talet på jødar frå 25 i 1866, 214 i 1890, til 642 i 1900 og 1457 i 1920.

I 1911 starta Michael Levin tobakks- og fruktforretning i sentrum på Løkken, medan familien budde i Trondheim. “Stedets eneste Cigarforretning, som til like var en assortert Fotogrefi- og prospektforretning” er kiosken omtala som i eit vinterbrev i avisa Middagsposten i Kristiania i 1917.

Mange butikker etablerte seg her etter førre århundreskiftet; Peder Langeng, Orkla Grubes Faktori, Løkken Kooperative Selskap, Svendsens kolonialforretning, fotograf, frisørsalongar, skredderverkstader og systuer etc.

Mesteparten av livet var Levin-familien aleine som jødar på Løkken. Etter at Michael Levin var død, dreiv enka Bertha Levin kiosken saman med borna Leopold og Sara. Etter at Sara var ferdig med skolen, vart det meir og meir ho som fekk hovudansvaret for kiosken på Løkken.

 

Krigen

I februar 1942 gjekk det ut påbod om at alle jødar skulle registrere seg og fylle ut eit fire-siders spørreskjema, og ein raud J vart stempla i passa. Sara Levins skjema er underskrive “Løkken Verk 19/5 1942” og er i dag oppbevart på Riksarkivet i Oslo saman med hundrevis av andre slike skjema.

”Vi rekna med at vi kunne bli arresterte. Det er uråd no å forklare kvifor vi ikkje prøvde å komme over til Sverige”, sa Sara Levin i 1985. Ho vart arrestert på Løkken 30. november av ein “vikar-lensmann”, og sendt til kretsfengselet i Trondheim.

Sara Levin vart etter nokre dagar slept ut av fengselet, da ho var i psykisk ubalanse. Ho vart sendt rundt på forskjellige sjukehus og havna til slutt i Selbu, kor ho vart verande til våren 1945.

Bortimot halvparen av alle jødane i Noreg vart tatt livet av. Deriblant nesten heile familien til Sara.

Etter krigen drog ho tilbake til Løkken. Ho fekk igjen leiligheta si og sakene sine, alt var blitt tatt vare på.

Gradvis starta kiosken opp igjen. Han låg gunstig plassert i sentrum og Sara fekk ord på seg for å handle med gode varer, og sa tydeleg frå om varene ikke holdt mål. I 1966 selde ho kiosken og vart pensjonist.



Artikkel til minne om at det i 2010 er 70 år siden krigen 1940-45 starta. Av Eivind Hasle


Hele artikkelen kan du lese i årbok 51, 2010. Utgitt av Meldal historielag.

 

Red: Hilde Stina Elshaug

Annonser


Medlemmer