Bygdedagen i Å

 

Laurdag 4.9.2010 hadde kona og eg ein kjempefin biltur i fint ver. Start og innkomst var Molde. Elles kjørte vi Nordmarka i Surnadal på langs, Vålåskardet, Nerskogen, Dovrefjell og Romsdalen. Heile turen var eit einaste høgdpunkkt. To delpunkt skal eg likevel nemne: den absolutt speilblanke Vålåsjøen på Dovrefjell og bygdedagen på Å i Meldal.


06.09.2010 - Magne Vullum
Kategori: Leserinnlegg

Vi har hatt fleire passeringar, men aldri stopp på Å før. Det var salgsboder spreidd omkring, og folk gikk så trygge i gata utanom gangfelta, så det var uråd å haste vidare utan å finne ut kva som gikk for seg. Parkeringsplass var det, og folk tok imot oss som vi skulle ha hørt bygda til. Ei kjempefin oppleving. Handel vart det, og nokre digitale bilde. Eg legg ved to av dei. Det eine viser seljar og kjøpar av hembåkkå lefse. Det andre er kanskje det viktigaste, gode representantar for dei unge i bygda. Ikkje virka dei rotlause, og ikkje var første tanken å stikka av frå bygda i håp om å finne gullet ein annan stad, hørtes det ut for
 
Lukke til gutar!
Takk til folket på Å for eit trivele møte!
 
Vennleg helsing
Haldor

Bygdedagen i Å

Bygdedagen i Å

Annonser


Medlemmer