Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus

 

Bedehuset på Å var fullsett søndag 15. august, og dei som møtte fram fekk oppleve litt av stemninga og hendingane for meir enn 100 år sidan når vekkelsen gjekk over bygda. Det var også andre innslag som fenga interesse, ikkje minst den utstillinga Jo Foss hadde laga til bak i salen med bilete og skriftlege kjelder frå lang tid tilbake. Ola Foss fortalde om eigne opplevingar frå Å bedehus, og "Meldal Ungdomskor" song friskt og flott.


22.08.2010 - Magne Vullum

Sodd-suppa og kakene fall i smak, så pausen vart både lang og triveleg.
Nils Erik Syrstad og Jo Foss orienterte om eigarforhold mm knytta til bedehuset, og ba om innspel i forhold til kva som skal skje med huset framover - dei tek også imot innspel i tida framover.
Gunnar Bonsaksen kåserte om bedehus oppigjennom tida - han la ikkje skjul på at mange har ytra seg negativt om både husa og heile bedehus-kulturen, her er det erfaringar både på godt og vondt! Sjølv er Gunnar eit eksempel på ein person som i utgangspunktet var svært negativ, men som opplevde at Gud kalla på han og han tok imot.

Meldal Normisjon, som arrangerte kvelden, takkar alle frammøtte - tilbakemeldingar tyder på at folk kosa seg i bedehuset denne kvelden - og vi synst det vart ei flott feiring av det positive huset har stått for gjennom 100 år! 

Åshild Sande, for Meldal Normisjon

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Frå eit husmøte på Å i 1890-åra

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Sivert L Dombu og Anders O Grudt gjekk ilag om å byggje Grut bedehus i 1903

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
På innviingsfesten song Peter Næss med frue

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
16 personar vart omvendt på eit husmøte på Bogevold  13. april 1904

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Eindel fekk panikk og rømde ut vindauget!

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Folk gjekk etter vegane og song, dei skulle på møte

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Laila F. Grut les dikt av Johanna Krogh, om vekkelsen

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Meldal ungdomskor vart starta i 1934 og gjenoppstod denne kvelden!

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Ola Foss deler minner frå Å bedehus

Glimt frå jubileumsfesten i Å bedehus
Etter 3 timar slapp Gunnar Bonsaksen til, men ingen sovnar når han kåserer!

Annonser


Medlemmer