Humanetisk forbund vil ha flere seremonirom
Humanetisk forbund i Orkdalsregionen har hatt årsmøte.
22.02.2013 -
Orkdal lokallag av Humanetisk forbund omfattar kommunane Orkdal, Meldal, Hemne, Snillfjord, Agdenes og Skaun, og hadde årsmøte 19.02. Det nye styret i lokallaget består av: Leiar Jan Aage Mortensen, nestleiar Heidi Vatn, kasserar Anita Gilde, sekretær Mads Løkeland og Anne Keiseraas.
Arrangement av humanistisk (borgarleg) konfirmasjon blir den viktigaste arbeidsoppgåva i 2013.
I tillegg meiner lokallaget at no har tida kome for å etablere livssynsnøytrale/ konfesjonsfrie seremonirom i regionen, og vil arbeide for at dette skal skje. Dette blir støtta av Sør Trøndelag fylkeskommune som 19.12.2012 vedtok å søkje om å bli prøvefylke for oppretting av livssynsnøytrale seremonirom, samtidig som det statlege utvalet for tro og livssyn (Stålsett-utvalget) nyleg foreslo at kommunene må skaffe seremonirom for alle tros- og livssynssamfunn.
Les mer på Fylkestingsvedtak_19-12-12.pdf
Red: AMS