Jubileumsfest Å bedehus 15. august.

 

Det vert sagt at eindel folk frå Å flytta til Amerika i 1904 fordi dei var så redde for at dei skulle bli frelst viss dei vart verande på Å. Så mange vart frelste, eller omvendte som det heller var vanleg å seie, at ingen klarte å vera upåverka. Trauste bønder forlot såbøtta midt i travlaste onna, for å gå på møte. Store flokkar gjekk etter vegane og song – på veg til møte – to eller tre møter kvar dag. Med vårt språk i 2010, kan det vel best uttrykkjast med:  ”Det tok fullstendig av”. Og det er rart å tenkje på at det kunne skje, i Meldal, for meir enn 100 år sidan! Nøyaktig tidspunkt var i 1904-05.


10.08.2010 - Magne Vullum

Vekkelsen var utgangspunkt for bygginga av Å bedehus som no har blitt 100 år. Søndag 15. august skal dette feirast, og historia frå 1904-05 vil bli gjort levande gjennom nokre lokale aktører. Også eindel av historia frå krigens dagar vil bli dratt fram, og ”Meldal ungdomskor” som starta i 1934 vil oppstå på nytt med Gretha Loe som dirigent. Gunnar Bonsaksen kåserer – ”Bedehuset i Norges kultur”.

At bedehus og bedehus-møter har vore til hjelp og nytte, kan mange skrive under på! Hjelp til å ta imot evangeliet og å leve som kristen. Men nokre har dårlege minner frå opplevingar i bedehus, og regler som vart laga for måtar å oppføre seg på. Når Å bedehus jubilerer, skal det positive ved bedehuset feirast! Og så skal det snakkast litt framtid for huset, samtidig som vi et god mat. 

Alle som har lysst er velkomne til å delta denne kvelden – vi trur det blir både interessant og triveleg.

For Meldal Normisjon, Åshild Sande.

Jubileumsfest Å bedehus 15. august.
Hans Christian Borchsenius speler både klokkaren/læraren Josef Grimeland og emmisæren Mauritz Brekke

Jubileumsfest Å bedehus 15. august.
Å bedehus 100 år

Annonser


Medlemmer