Korpskonsert i Laksøybygda

Mandag 4. mai hadde Løkken musikkorps funne veien til Laksøybygda for å ha øvingskonsert i grendahuset. Litt for kaldt til å vera ute på kvelden så konserten vart innomhus. Med omkring 20 korpsmedlemmer og vel så mykje publikum god stemning. Heldige var vi som var der.
11.05.2009 - Magne Vullum
Korpset spilte ”Den norske løve”, ”Abba gold”, ”Wien bleibt Wien” før pause, og etter pause Defilermarsj”, ”Lillebjørn” og ”Valdresmarsj”
Det var salg av smørbrød og i høve Arne Sandviks 60 årsdag var det laga ekstra stor blautkake. Har inntrykk av at jubilanten sette pris på både konsert og kake! Særleg når korpset slutta konserten med ”Valdresmarsj”, kom det minner om gamle dager i Garden.
Vi som var publikum i grendahuset denne kvelden hadde ei triveleg stund og takker Løkken musikkorps med dirigent Helge Rolstadås for ein fin konsert, og velkommen tilbake!