Meldal Historielag har hatt stor aktivitet det siste året

Dei som vart takka av under årsmøtet.

Meldal Historielag heldt årsmøte i Storås samfunnshus onsdag 26.2.


05.03.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: Lag og foreninger

Meldal Historielag har ca. 700 medlemmer, og årsmeldinga viser at laget har hatt stor aktivitet det siste året.

Vikingprosjektet, som engasjerte skolane og barnehagane gjennom heile året, og som fekk si offentlege gjennomføring i Vikingveka først i mai, tok utgangspunkt i forteljinga frå Snorre om Torleiv Spake på Lo som fostra Eirik Jarl, sonen til Håkon Jarl.

Vikingveka vart gjennomført i samarbeid med venneforeninga til Meldal Bygdemuseum andre veka i mai, og inneheldt utstiling frå skolane og barnehagane, aktivitetar for ungane som øksekasting, bueskyting og tautrekking. Det var smaksprøver av mat frå vikingtida, foredrag om vikingtida, birkebeinarane og om skibrukt i vikingtida. Det var busstur rundt om i bygda med besøk på historiske plassar , kyrkjekonsert av «Olavs menn», vikingdag med vikingdans (stordans), skaldekvad og våpenkamp-framføring, og til slutt tur til den gamle vardestaden «Våttån».

Historielaget har i løpet av våren og sommaren stått for rydding av stig frå Vålåsgarden (Vålåskaret) til Sigridfallet og vidare opp til Mjukin.

Historielaget var medarrangør av friluftsgudsteneste på Nyplassen 23. juni, og historielaget var også med, når det galdt biletemateriale, på utstillinga «Trollheimen og de som levde der» på Orkla Industrimuseum.

Meldal Historielag har ei svært aktiv biletegruppe som arbeider med gamle bilete frå Berg-arkivet og frå private. I hovudsak med identifisering av personar, stader mm.

Historielaget eig husmannsplassen Ulberg i Meldal, og også siste året har det vore nødvendig vedlikehald av husa. Dessutan er historielaget blitt «moderne», og har kjøpt ein robotklippar som tar seg av slåtten!

Ved valet vart Joar Lyngen attvald som leiar i Meldal Historielag. Odd Svinsås og Mildrid Nesheim, som begge hadde vore med sidan 2011, hadde sagt frå seg attval, og nye medlemmer vart Kåre Lilleholt og Morten Resell. Erik Steigen, som gjekk av som leiar i 2018, har vore varamedlem dei to siste åra, men gjekk no heilt ut av styret.

Det nye styret i Meldal Historielag er som følgjer: Joar Lyngen, leiar, og Ola Løseth, Arne Sandvik, Kåre Lilleholt og Morten Resell er styremedlemmer. Varamedlemmer er: Johan Morten Wold, Gunnar Erik Berg og John Anders Moe.

Mildrid Nesheim

Annonser


Medlemmer