Møte i Grøtte bedehus

 

"Jesus er Herre" er tema for møte i Grøtte bedehus (i Meldal sentrum) tirsdag 15. mars kl 19.30.  Bjørn Roger Karlsen heiter han som skal tale over temaet, han jobber i Normisjon, Trøndelag.  Mykje allsong - med Gunnar Bonsaksen bakom pianoet, så det kan bli veldig bra.


14.03.2011 - Magne Vullum

Kvelden etter - onsdag 16. mars kl 19.30 - blir det endå meir song - "songkveld i fastetida" - vi flytter oss då bort til kyrkja og har møtet der.  Konfirmantar er med og deltar både med song, opplesing og andre oppgåver.  Gretha Loe speler orgel til allsongane, og kanskje går det an å be henne spele eit stykke berre på orgel også?  Og at vi tenner lys i lysgloben?  Roger Karlsen taler igjen - meir som ein kortare andakt denne kvelden - med tema litt i same gata som kvelden før.  Møtet er i samarbeid mellom Meldal Normisjon og Meldal menighet.
Tredje møtet på rad blir torsdag 17. mars kl 19.30 i Grøtte bedehus.  Då har Bjørn Roger Karlsen sagt at han har som tema "Ingenting er umulig for Gud".  Me syng mykje også denne kvelden - Gunnar Bonsaksen igjen.  Og så vil Laila (Syrstad) og Berit (Blokkum) syngja eindel.  Kaffi og noko attåt, til slutt.

Må også fortelja at på andakten på Meldal helsetun torsdag kl 15.30, blir Karlsen med - det går an å delta der for den som vil.

Før i tida var det vanleg med møte-veker.  At ein talar kom og var ei veke på same staden, med møter kvar kveld.  Dette blir ei "mini-møte-veke".  Når ein skal høyre noko om det som står i Bibelen, og få tak i kva det betyr for oss idag, kan det vera greit å få det i litt større doser - litt meir konsentrert.
Bruk sjansen og bli med på eit eller fleire av møtene!  Ryktene seier at han Bjørn Roger Karlsen har ein jordnær og forståeleg måte å tale/snakke på, slik at vi kan oppfatte poenga - og kanskje få til å bruke det vi lærer i kvardagen - til hjelp og styrke.

For Meldal Normisjon, Åshild Sande

Møte i Grøtte bedehus

Annonser


Medlemmer