No kime´ alle klokkun 

Vi hilser jula med dikt fra Astrid Krog Halse 

24.12.2007 -
Kategori: Arkiv

No kimer alle klokkun om helj og fred på jord,
og tekstin ifrå stola er gamle, kjende ord -
om riket så´ ska kåmmå åt menneskjom eingong,
om vona så´ vart tenda den gongen englan song.

Han tagna engelsongen ikringom Betlehem,
men oss ska finn att tonin kvar gong at jula kjem.
Ja, oss ska finn att tonin og gjøm´n i vårt sinn
når alle klokkun kime´ og ringe´ helja inn.

Det vart så stilt i skogom - det er så vár ein kveld,
og alt blir reint ikring oss når kvite snøen fell.
Og han ska dekkje over kvart strå og visna blad,
- og oss ska legg bort sørgja og berre vårrå glad -.

Så held oss høgtid saman i gammelkjerkon vår,
og sender varme tankar åt dem oss alder når,
åt dem så´ lid i landom, åt dem så´ går seg vill.
Oss bed for julenatta at ho fær vårrå still -.

 

Annonser


Medlemmer