Småbarnsskule

Barnehage eller førskule I noverande form, er av ny dato.
02.03.2019 - Hilde Stina Elshaug
Sjøl om omgangsskule og seinare skule på faste plasser kom tidleg i Meldal, var det ikkje noko organisert førskule eller småbarnsskule.
Bygdesoga, bind 1. side 260 nemner ei kvinne (Skul-Marit f. 1816, d. 1887) som ikkje hadde lærarstilling eller løn, men som (etter at ho vann att helsa etter ein lang sjukdom) «tok til at holdeskole for småbørn paa gaardene her og der, hvortil hun havde godt lag.» (sitat). Martin Foss skreiv om henne i Menighetsbladet 1953 nr. 10.
Likeeins hugsar han at det er fortald om ei «Halt-Eli» som heldt småbarnsskule ei stund. Ho fekk god attest av lærerinne Marit Rikstad i Rennebu, som sa: «sjøl er eg utdanna lærerinne, men Halt-Eli er fødd lærerinne».
I Rennebu var småbarnsskulemeir organisert ei tid, og gjekk også under namnet «Legatskule».
Lærerinnene som arbeidde i dette skuleslaget, var lønna av eit legat (etter J. Sugustad 1878). To lærerinner er nemnt frå denne tida: Marit Vangsbro og Marie Arntsen, og det er den siste eg vil æra med desse linene. Marie Arntsen verka i nedre del av Rennebu og var (kanskje p.g.a. at ordninga tok til å ebbe ut) utlånt ei kort tid til Å krins. Eg fekk vera med henne nokre veker på ymse stader, bl.a. hjå Guru Fossmo (der bilete er teke, truleg i 1933) og heime hjå oss. Vidare på to stader nedst i Rennebu – Reitås og Jordlia.
Kva lærte vi hjå Marie Arntsen?
Sikkert ikkje så veldig mye på desse få vekene, men A.B.C. boka var pensum i alle fall. Vidare lærte vi litt rekning ved hjelp av kuleramma. Det som kanskje var det viktigaste – og som gjer at mange minnes Marie Arntsen på ein spesiell måte, var den måten ho fortalde frå bibelsoga på, og da ved hjelp av plansjane sine. Marie hadde ein serleg givnad med barn, kanskje ikkje minst for di ho var så glad i barn. Ho hadde eit varmt hjarte, tent av Jesus. Dette prega henne på ein fin måte, og ho fekk legge noko godt inn i barnehjarte. Nokon livssynsnøytral skule var dette slett ikkje, og takk for det.
Eit par minner tek eg med frå denne første «studietida» mi.
I eit friminutt på Reitås tok vi turen ned til Stavåbakken, og det gjekk som det ofte går: vi gløymde heile skulegangen. Då Marie kom og henta oss attende, var ho vondbroten og lei seg for di vi hadde reist ulovleg – det ville ho ikkje veta av.
Ein skuledag på veg til Jordlia tek eg med.
Anders (Grut) og eg hadde fått med oss nistepakke og starta på den nokså lange vegen med friskt mot. Før vi kom fram, kom det bod om at det ikkje vart nokon skule denne dagen. Vi hadde som sagt nistepakke med, og den syntes vi nok det var synd å ta med heim ubrukt.
Så hugsar eg at vi sette oss borte på rabben (straks bortafor Grut), og der åt vi opp nista vår. Så fekk vi da med i alle fall den delen av småbarnsskuledagen.
Jo Foss
Fra årbok 1989, 30. i rekka. Meldal Historielag
Red: BSE