Vikingveke i Meldal

 

Fra 7- til 12.mai får du mulighet til å bli bedre kjent med vikingenes historie her i Meldal og innholdet av teksten i "Meldalsongens" 72 vers


04.05.2019 - Rita Smedplass
Kategori: Lag og foreninger, Kulturhistorie

I veke 19 arrangerer Meldal Historielag ei vikingveke på Meldal bygdemuseum.

Bakgrunnen er at historielaget i fjor gav ut bok om Meddalssongen med forklaringar, og vi stilte oss spørsmålet: Kor mange i Meldal kjenner til Meldals gamle historie som Olav Krog skildra i Meddalssongen?

Barnebarnet, Audun Krog Eftedal, har skrive boka om Meddalssongen og om forfattaren, som var hans morfar. Vi har tatt utgangspunkt i historia om Eirik Jarl, eldste son av Håkon Ladejarl, som vart oppfostra av Torleif Spake i Meldal. Kven var han og kva utretta han?

Dette får vi svar på, både gjennom "skaldekvad" og foredrag, i løpet av veka. For å få meir kunnskap om vikingane og tida dei levde i, tok vi kontakt med Stiklestad nasjonale senter, Sverresborg, Korsvikaspelet og Ladehirden. Alle tente på ideen og ville vere med.

Vi tok og kontakt med skolane og barnehagane i kommunen, som med ein gong sa dei ville sette vikingtida og vikingane på planen for vårhalvåret 2019.

Det var Joar Lyngen som først kom med ideen om ei vikingveke og rektor Anita Storm ved Meldal Barne- og ungdomsskole har vore koordinator for det opplegget skolar og barnehagar har hatt, og som dei skal ha i vikingveka. Dei har jobba veldig godt!

Og så kan eg nemne at vi er 20 personar som no er i gang med å lære 13 vers av folkevisa "Ormen Lange", som vi skal danse på "vikingdagen" 11. mai.

 

"Erik jarl og Torleif Spake

mektug karar båe var.

Erik hogg ved Svold sin hake

djupt i Ormens høge bard."

 

Dette er eit av dei 72 versa i Meddalssongen, der Meldals-historia blir skildra i verseform av Olav Krog.

Kva veit vi om forfedrane våre – dei som levde før kristninga av landet og like etter? I løpet av denne veka vil vi gå opp noen av spora, snakke om Eirik Ladejarl som vart oppfostra her av storbonden Torleif Spake og andre i Meldal som har sett merke etter seg i historia. Vi vil og få ei meir generell innføring om vikingtida i Trøndelag

-Utstilling i Sølbergslåna heile veka med oldtidsfunn frå Meldal, oppbevara på Meldal Bygdemuseum.

meldalbygdemuseum2

 

Program Vikingveka i Meldal

Tirsdag 7.5.  Opning på Meldal Bygdemuseum. Vikingaktivitetar ( Øksekasting, bueskyting,tautrekking, leike slaget) ved Stiklestad Nasjonale senter.

Vikingmat og smaksprøvar i Malisætra ved Anne Grut

Sølbergslåna.  Foredrag om middelaldergården Stiklastadir.  

Dramamonologen «Bersvein og flisa». Historia om ein lokal vikinghovding på Stiklestad og hans einaste son.   

Sølbergslåna. Historia om Eirik Ladejarl og Torleif Spake ved historielagsmedlemmer. Sal av kaffe og kaker v/venneforeninga for museet.

Onsdag 8.5.  Sølbergslåna.

Foredrag om Birkebeinarane og Sverresborg v/ konservator Terje Bratberg, Sverresborg. Foredrag om skiutstyret til vikingane v/ skihistorikar Roald Killingbergtrø. Sal av kaffe og kaker ved venneforeninga for museet.

Torsdag 9.5. På museet.

Foredrag om vikingtida v/Terje Bratberg og om skiutstyret til vikingane v/Roald Killingbergtrø.

Busstur til historiske stader i Meldal. Oppmøte ved busstasjonen i Meldal.

Fredag 10.5. Vandring langs den gamle ferdselsvegen frå Kvam til Loe. Parkering og start ved Skjulenget.

Kyrkjekonsert  «Olavs menn» og Caritatis.  Inngang kr. 100,-.

Laurdag 11.5. Vikingdag på museet.  Vikingdans (stordans), skaldekvad, dramascene med Korsvikaspelet og våpenbruk ved Ladehirden. Inngang kr. 50,-. Barn gratis. Sal av kaffe og kaker ved venneforeninga for museet

Søndag 12.5. Familietur til Våttån.  Ein kan gå opp frå Loe, frå Midtskogen eller Brandås. Historieforteljing om vardebrenning på Våttån. Ta med eigen turmat og drikke.

 

Tekst: Mildrid Nesheim

Bilde: Joar Lyngen og eget arkiv

For informasjon om tidspunkt kan du klikke deg inn via annonsen i høyre marg.

 

 

Red:RS 

Annonser


Medlemmer