Åpent møte om eldre - medikament, alkoholbruk og biverknader i Løkken pensjonisthus

 

Dette er eit underkommunisert tema i Helse-Norge så Løkken pensjonistforening sette temaet på dagsorden på møtet 24.september.


27.09.2024 - Mildrid Nesheim
Kategori: Lag og foreninger, Helse, Eldre, Leserinnlegg

Trond Ivar Hansen, som representerer Arbeiderbevegelsens Rus- og Sosialpolitiske forbund, heldt foredrag om temaet på ein veldig fin og ledig måte, med mye humor, som og gav fin kontakt med tilhøyrarane.

461297009 3399518890353066 8249237912417883831 n

Han hadde først ein presentasjon av organisasjonen han representerer og presiserte at det ikkje var ein totalfråhaldsorganisasjon, men ein organisasjon som arbeider for å redusere alkoholbruken gjennom forebyggande arbeid, uavhengig av medlemmene sitt forhold til alkohol.
Dei har ferieklubbar for barn og unge og arrangerer ferieopphald for einslege forsørgarar og deira barn.
Dei har fokus på speleavhengigheit blant barn og unge, arbeider med situasjonen for barn av rusavhengige, har fokus på å bekjempe barnefattigdom, jobbar for å hindre at fritidsklubbar blir lagt ned og seier nei til fengsling av barn, og dei jobbar aktivt for å sikre rusfrie soner for barn og unge.
Dette er eit lite knippe av det han presenterte.

Og så over til temaet for dagen, nemleg eldre, rus og bruk av medikament.
Dette er eit prosjekt som er i samarbeid med mellom andre Pensjonistforbundet.
Det trengs ei bevisstgjering hos eldre sjølv, men også hos helsepersonell om konsekvensen av alkoholbruk saman med nødvendige medikament, som denne aldersgruppa er store brukarar av.
Problematisk alkoholproblem blant eldre blir ofte omtala som eit skjult eller ikkje-eksisterande problem.
Mange eldre unngår å snakke med fastlegen sin om eit problematisk alkoholforbruk, og legen spør svært sjeldan om dette.
Antal alkoholrelaterte dødsfall i Norge er fire gonger høgare hos menn enn kvinner og mest utbreidd i aldersgruppa 60-74 år, hos kvinner i alderen 55-64 år.

Korleis påverkar legemiddel og alkohol kvarandre om dei er tilstades i kroppen samtidig?
Nokre gonger er det ikkje annleis enn om dei blir inntatt kvar for seg, men mange gonger vil effekten av legemiddelet endrast når alkohol er til stades, og alkoholrusen kan bli annleis ved bruk av visse legemidde.
Legemiddelet kan få ein svakare verknad og med risiko for auka biverknader.

Trond Ivar Hansen gjekk inn på ulike legemiddelgrupper som kan gje uheldige reaksjonar i kombinasjon med alkohol, og han beskreiv dei ulike reaksjonane.
Eg vel å berre nemne dei ulike legemiddelgruppene:

Legemiddel mot allergi, «blodfortynnande» middel, depresjon, diabetes, infeksjonssjukdommar, kreft og legemiddel som undertrykker immunsystemet.

Legemiddel som er smertestillande, muskelavslappande, nerveberoligande, febernedsettande, betennelseshemmande og sovemiddel.

Storforbrukarar av alkohol kan få auka risiko for alvorleg leverskade ved bruk av parasetamol.

Og oppfordringa er: Ta ein prat med fastlegen din om medikament og alkoholbruk!

Etter foredraget passa det godt å ta «bordpraten» saman med kaffe/ te, karbonadesmørbrød og kake.

461090432 3399518937019728 841747428856007294 n2

Kjøkkengruppa i full sving med forberedelsene.


Og så kunne vi verkeleg kose oss til «Visevennan», ei fersk visegruppe med Tor Kvarsnes som leiar, som avslutta med klassikaren «Thamshavnbanen Blues».
«Visevennan» er hjarteleg velkomne tilbake til pensjonisthuset på Løkken!

461258820 3399519107019711 9073511563418814054 n

 

 

Tekst: Mildrid Nesheim

Foto: Johanne Grønli

 

Red:RS

Annonser


Medlemmer