Arbeidsopplæring i Å-stuggu.

Du har kanskje vore innom Verdas beste kaffebar? Kjøpte du deg vaflar?
23.02.2019 - Hilde Stina Elshaug
Hørte du den knasande lyden i det du tok første biten? Naturligvis må vaflane vera ferske! Rett frå jernet til tallerkenen og munnen din. Med seterrømme og syltetøy.
Kanskje var det ein ung gut eller jente som serverte deg? La du merke til kor flinke og blide dei var? Kom dei bort til bordet og spurte om du ville ha kaffepåfyll?
Mange meldalsungdommar har fått verdifull arbeidspraksis i Å-stuggu. Til kvardags står frivillige damer bak disken, mens dei yngre tek over i helger og feriar.

Skal det vera caffe latte, cappuccino eller kakao med krem?
Eg har snakka Silje Hilstad som har jobba her i fleire år. Ho oppfordrar ungdomsskuleelevar til å søke jobb i Å-stuggu. – Det er trivelig å arbeide her i helger og ferier. Kafeen er ein sosial møteplass for lokale folk og tilreisande. Mange kjem innom fordi dei har hørt rykte om kor fint det er og dei fantastiske vaflane. Om du er litt sjenert i starten, går det over etter kvart, for ein må jo snakke med kundane. Dette er god erfaring å ha med seg.
Silje går no andre året på vidaregåande, og ho trur at attesten frå Å-stuggu kom godt med da ho fekk praksisplass på helsetunet og skulen. No er ho også tilkallingsvikar i barnehagen og på helsetunet attåt skulegangen. – At du er vant til å snakke høflig med ulike folk, viser initiativ, kan samarbeide, er løsningsorientert, kan bake og lage vaflar, vaske koppar og golv kjem godt med.

Silje har lært opp Emily og Ann Eli. Om nokre år går stafettpinnen vidare til Charlotte Foss Morgan og fleire
Dei som startar i jobben får god opplæring. – Sjøl fekk eg vera med på tre vakter, sjå og lære av dei som hadde jobba der ei stund, seier Silje. Seinare har ho lært opp nye i bruk av kaffemaskina, kassaapparatet og alt dette andre. Det er Å grendelag som driv kaffebaren, og styreleiaren har jevnlege møter med juniorvertane.