Arbeidsskole på Storås

 

Ingvar Hasle: "Eg var jo eigentleg jaga frå lærarjobben min på Hjerleid husflidsskole på Dovre av krigen som kom i april 1940. 


15.12.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Eg måtte reise heim igjen til Snertingdal, og der arbeidde eg mykje denne sommaren med stopping av møblar. Og så var det å søke ny jobb. Då søkte eg m.a. eit vikariat her, for ein som skulle til Oslo og utdanne seg meir. Det dreide seg eigentleg om praktiske kurs som folkeskolen sto for, og Paal Bogen var formann i skolestyret og sto for opplegget. Eg fekk stillinga, og kom då til Meldal i oktober 1940. kursa vart halde på ulike stader i kommunen, i Midtbygda, på Å og på Storås, og dette året var det på Storås. Det var 14 elevar, og av dei var 13 frå Meldal og ein frå Orkland.

Lokalet var svært dårleg. Det var ein gammal, nedlagt bilverkstad, og vi skulle ha både smiing og snekkering - men smiinga måtte vi nesten sjå bort frå på grunn av forholda. Det vart så grueleg kaldt den vinteren, og eg følte eg måtte tilkalle styret for å drøfte situasjonen. Det var eit spesielt styre for kurset med styraren på gamleheimen på Mogset som formann - og eg måtte varsle frå om at eg var i tvil om eg kunne ta ansvar for elevane i dette lokalet over vinteren. Trass i at vi sprengfyrte i lokalet vart det rim og is oppetter veggene. Styrar Wiggen meinte at "Å dei klarer seg nok- ", og eg fekk beskjed om å prøve å halde fram.

Gutane var unge, men flinke og arbeidssame, og dei laga forskjellige møblar, som bord og stolar, kinner o.l. Det var straum i lokalet, men vi hadde berre ei bandsag som vi måtte trakke, og det var tungt. Ein dreiebenk vart nytta ein del. Det lageret vi stabla dei ferdige sakene på, viste seg utover året å være svært rått, så der hadde ikkje sakene det godt. Det var praktisk undervisning, men eg underviste også nokre timar i teikning - på brett som vi laga og brukte oppå høvelbenkane.

Vi skulle ha litt smiing, med skjøting av bandsagblad, litt herding og liknande, men smia var nesten ubrukbar. Vi hadde ingen fast læreplan, og undervisninga skulle tilpassast den enkelte, men eg syntest at gutane var jamnt flinke og godt motiverte.

Det var på denne tida snakk om å starte opp ein yrkesskole. Og då vi hadde utstilling om våren, kom m.a. lærar Johan L. Strand og syntest det var svære greier kva vi hadde fått til. Strand fortalde at det var ein komite i gang som arbeidde med spørsmål om ein yrkesskole som skulle sysselsette og lære opp ungdom. Eg visste litt om andre, liknande skoler som var i gang, m.a. i Odda, og Strand var svært interessert. Det hadde jo då før krigen vorte starta opp ein fast arbeidsskole på Løkken som heldt til i gamle Folkets Hus - og den var i gang til tyskarane tok lokalet (i1942). Eg var bortom den skolen då dei hadde utstilling, og der var det meir utstyr og betre forhold enn på Storås.

Mer fra intervjuet neste lørdag

Fra årbok 42, utgitt av Meldal historielag i 2001.

Red. HSE

Annonser


Medlemmer