Bessfar-Tor og Vesle-Tor

Han sit mest i gyngestolen, Bessfar-Tor…


27.07.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

…rugge av og te, kvile seg

etter arbeidet

opp gjennom livet.

Helsa er litt skral

men støtt i god-lag

og Vesle-Tor er gleda hans.

 

I dag er Bessfar-Tor trøtt og bleik 

- Men så kjem mora inn med guten,

da kveikna han med eitt.

Sett’n hit på fanget mitt.

Ride, ride ranke syng han bessfar.

Men før me veit om det sit dei på golvet båe.

Kjem du deg opp att Tor spør ho bessmor.

Nei, eg gjer visst ikkje det men let meg få vera i fred med guten ei stund.

Eg må få kjenna kor sterk han er når han dreg meg i håret og han må få klappe og klaske meg.

Kom Vesle-Tor gje meg god-handa di ho e så varm og rund mi, er så kald og tynn.

Å, - når eg blir frisk att og du blir stor,

vil eg leia deg ikring her på garden, på tunet,

i fjøset og utover jordene våre, bortover skogen - ja, heilt inn på setra med.

Me ska kvile, fiske og ro ut på det store vatnet. 

 

Men brått, går det eit rykk over panna - Bessfar-Tor er ikkje meir.

Vesle-Tor, lite forstår, sit og ler, og syner kor stor han er. 

 

Ella Dalsegg

 

Årbok 28, 1987. Meldal Historielag

Red: BSE

 

Annonser


Medlemmer