Dei første skuleår (del 2)

 
29.02.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie
Jesus var fjellklatrar

Underleg er det kva for forestillingar som festar seg hos ein sjuåring. Klasserommet vårt var utstyrt med noen få rullekart som kunne trekkast ned akkurat som ei rullegardin. det var bl. a. eit norgeskart, og det var eit kart over det som den gongen var kalla Jødeland (dagens Israel pluss Vestbredden og Gaza, deler av Libanon). Dette kartet var brukt somme tider når vi hadde bibelsoge.

Kartet over Jødeland var i fargar. Tenk deg no at du har kartet framfor deg, ikkje liggande flatt, men hengande loddrett ned. Da får du ein bratt fjellvegg ut mot hav til venstre (Middelhavet) og eit slags fjellandskap innover til høgre med grøne revner inniblant, der det nok kunne vera plass for hus, eller ein liten by. Her gikk da Jesus omkring, klatra opp frå Nazaret til Kana for å vera med i eit bryllup, og vidare heilt opp til Kapernaum der han råka Peter og andre som dreiv fiske. Så var det å ta seg nedover fjellet, heilt til Jerusalem der han fann eit esel til å ri på, og der folker trudde at det var kongen som kom.

Like imponert var eg over Abraham, som kom frå ei fruktbart land langt i aust, der to svære elver møttes, og gjekk inn i dette karrige fjellandet og hadde med seg store flokkar av sauerog esel og kamelar. Noko til kar. Likevel heldt Abraham på å gjera noko forferdeleg da han tok med seg isak opp i fjellet for å ofre han. Det var vanskeleg å få tak i samanhengen.

I ettertid ser eg at Jenny Strand var forut for si tid, sjøl om kartet gjekk litt i surr for oss. Lesing, skriving og rekning gjekk greitt. Ho forklarte ting i naturen slik at vi kunne forstå. Også litt enkel gymnastikk sørga ho for. Jenny var påpasselig med helsa vår. Ho var nøye med at vi hadde riktig sittestilling ved pulten, og passa på å tørke klærne våre når det trongs. Ho agiterte for ost på brødet, og sa at sirup var dårlige greier.

 

Skulevegen

Frå Utstuggu Lo og til skulen var det 2,5 km. kvar veg. Godt brukbart for å gå, og lettvint på sykkel, spark, eller ski. Det einaste problemet var når det bles opp skikkelig snøkave. Det er værhardt på Losgjerdom, og det hendte at bestefar, eller Arnt på Søstuggun, eller Ola Oppstuggun måtte spenne for hesten og gje skyss for smårollingane. Dei større greidde seg sjøl, og det var aldri snakk om å skofte skulen på grunn av uvær.

Det var heile ni skular i Meldal på denne tida: Fossen, Garberg, grefstad, Laksøyan, Langset, Løfshus, Bjørnli, Å og Åmotet. Å ta seg fram til skulen var ei privatsak, og svært mange hadde nok ein lengre skuleveg enn vi hadde. Vi tok oss god tid, i alle fall på heimvegen. Det var så mye å ta seg til: Snøballkasting, ekorn som vi jaga, eller vi arrangerte indianerkrig med fjørpryd og hyl og slikt som hørte med. Asbjørn, ingvar, Olav og Einar var litt eldre enn eg, og hadde lest indianarbøker frå skulebiblioteket.

det var ein lang motbakke opp til Losflata, og her gjekk det ulidelig seint i vårslapset. I dag forstår eg den enkle årsaken: I all den omtanke som var vist oss ungane også den gongen, var det forsømt å skaffe nok frukt og grønt. Nesten alle barn var vårslappe i den tida på grunn av C-vitaminmangel. Men allerede medan vi gjekk i småskulen hos Jenny smitta "Oslo-frokosten" over på matpakka vår, med grovt brød og sunt pålegg, og eit eple, eller ei gulrot attåt. Motbakken opp til Losgrenda vart etter kvart mindre bratt.

 

Fortsetter neste lørdag

 

IMG 0602

 

Ved Knut Svinsås-Loe

Årbok 50, 2009. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer