Dei første skuleår

 

Det var tidlig morgon sist på august i 1931.


22.02.2020 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Altfor tidlig for ein liten krabat som skulle på skulen for aller første gong. Spenninga var stor - det var godt å ha mor si hand å halde i der vi traska gjennom skogmoen, over Losbrua, forbi Brustuggu og inn på Fossen skule.

Nokså skummelt med alle dei ukjente ungane i skulegarden, store og små. Det letna godt da eg såg Asbjørg, Aslaug og Brynhild i flokken. Dei var nabojenter og leikekamerater og opplevde den første skuledagen sin, slik som eg.

 

Åleine som guttunge

Stunda var inne for den store omveltninga i livet. Læraren for storskulen, Sigurd Nilsen, tok bjølla som tjente som skuleklokke, og ringte inn. Deretter var det Jenny Strand sin tur til å få oss nybegynnere på plass i klasserommet for å notere namn og veksle noen ord. Det var på langt nær så vrient som eg hadde frykta. Ho Jenny var grei.

Ei aldri så lita kartlegging av kunnskapsnivået hadde vi og, denne første dagen. Eg fekk lagt for dagen kjennskap til mange av bokstavane i alfabetet, men måtte melde pass for X og Z, visstnok også for Æ. Reknekunstane strakk alt da så langt som til å telle til 20, men eg vart grundig slått av ei jente som "rekna" til 100.

I dagens løp vart eg klar over noko spesielt. Eg var einaste guttunge i klassen, mellom 10-12 jentungar. Visstnok registrerte eg dette berre som eit faktum - det var slett ikkje noko å vera lei seg for. Gjennom heile vinteren gjekk det greitt, i alle fall i det ordinære skulearbeidet. Men i friminuttene kom det fram eit sakn ved at eg ikkje tok del i mye av den leiken som jentene fann på.

Når det var dårlig vær, var det fast regel å drive med ball-spel ved veggen i skulestova. Jentene dreiv dette til rein virtousitet, gjennom 12-15 ulike "turar". Sjøl satt eg og såg på. Det var utenkjeleg - i alle fall den gongen - for ein guttunge å delta i slikt. Det same gjaldt glansbildene som jentene var så opptatt av. Og ute på tunet var dei så flinke med songleiker, bl. a. ein som slutta slik: "…og den som kommer aller sist skal i den sorte gryte". Inspirert kanskje av forteljingar frå kanniballand.

Best gjekk det å vera åleine guttunge når vi slo ball, leika jeger og hund, eller "sura". Og så lærte eg jo etter kvart å kjenne dei eldre gutane.

Frå det aller første skuleåret hugsar eg berre ein enkelt episode som kanskje litt vanskeleg. Det var nyleg innført ein årleg helsesjekk på skulane, med veging og måling og lytting på brystet. Dette foregikk heilt netto. Greitt det, for vi frå Losgrenda hadde drive med nakenbading i Grendesbekken så seint som førre sommaren, og var fullt fortruleg med "den lille forskjellen". Men det var lett å merke at enkelte av jentene reagerte meir som dei to i Edens Hage som vi hadde høyrt om. Og vi oppdaga at vi var nakne.

Det var berre dette eine skuleåret at eg var einaste gut i klassen. Seinare var to årskull i same klasse - Fossen var jo ein såkalt 4-delt skule - og det vart gutar å ta ryggtak med, eller føre snøballkrig med. Det einaste tapet eg hadde ved å vera "einaste hane i kurven" var vel å miste noko sosial trening denne eine vinteren. Kanskje ille nok for ein kar som av natur var litt blyg og forsiktig.

 

 

9C4B13C5 63AF 4B58 BD9E D100E7235B7E 1 201 a

 

 

 

Fortsettelse neste lørdag.

Ved Knut Svinsås-Loe

Årbok 50, 2009, Meldal Historielag

 

Red:HSE

Annonser


Medlemmer