Det hendte i skuronna i 1894

 

Arbeidsdagen var slutt.


14.09.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Eli Reselli hadde skåre det tilmålte arealet oppunder Ælberjet, og var på veg heim til bustaden på Resellia. Den 29 år gamle kvinna skulle gå skogleia opp Uvdalen til heimen sin høgst oppe i lia ovafor Resellgardene.

 

fullsizeoutput 65d0

 

Vegen gikk forbi Øyasaga som låg ved bekken Uva. Ho kjende seg uvel, og svinga inn på saga for å kvile før ho tok fatt på dei bratte bakkane. Fødsel var vel snart ventande, og kanskje hadde arbeidsdagen røynt på, så barnet var i kjømda.

Sagbenken vart fødestue, og her var korkje jordmor, eller anna hjelp til stades.

Kven som kom til hjelpes veit vi ikkje, men allmannvegen gjekk ikkje langt frå saga, og det vart teke hand om Eli.

Men alarmen gjekk, og det viste seg å bli bruk for fleire hjelpande hender - det var tvillingfødsel på gang. Eli vart frakta til naborommet, Uvøya, og der kom jente nummer to til verden.

Det vart teke hand om de to jentene, Johanna og Gunhild, og mora Eli etter ei strabasiøs hending denne augustdagen i 1894.

Men mora og dei to tvilling-jentene overlevde påkjenninga. Utan helsekontroll, ultralyd, jordmor, eller legehjelp kom dei tre kvinnene gjennom strabasane og vart helsesterke mennesker.

 

fullsizeoutput 65cf 

Biletet viser kor kortvokst Eli var. Korleis ho kunne klare å Skjære det tilmålte åkerstykket og få berga livet til dei to barne er uforståelig.

Eli Halvardsdatter Nergård var fødd i 1865 og gift med Jon Jonsen Snonsdal. Dei fekk bustad på Resellia og tok denne bustaden til etternamn. Gunhild vart gift med Jon Mikkelsen Romundstad som hadde garden Nedstuggu Foss. Dei flytta i 1934 til Ringen i Laksøybygda, Gunhild vart mor til fem barn.

 

Johanna vart gift med Johan Fossmo - og ho fekk seks barn.

Tvillingsøstrene vart mødre, bestemødre og oldemødre. Ei solid slekt vart ført vidare frå denne dramatiske hendinga på slutten av skuronndagen ved Ospbakken i 1894.

Johanna levde til 1980, og Gunhild til 1975

 

Ved Olav Uvøyen  

Årbok 46, 2005. Meldal Historielag

 

Red: HSE

Annonser


Medlemmer