Eldres Dag

 

Skal Orkland fortsatt utvikle seg for å kunne vere ein god bukommune, treng vi nye arbeidsplassar.


13.10.2024 - Rita Smedplass
Kategori: Eldre, Lag og foreninger

Det var meldinga frå ordførar Hanne Nyhus på Eldres Dag – arrangementet på Løkken Verk i går, 9. oktober. Og utvikling gjennom nye arbeidsplassar vart hovudtemaet for ordføraren i hennar foredrag. Ho viste til at det alltid vil vere motstand mot nye, gjennomgripande planar, og ho nemnde fleire eksempel på det, mellom anna det å fylle opp elvemunningen av Orkla og etablere det som no er Grønøra. I dag veit vi kor mye det betydde for etablering av nye arbeidsplassar og utvikling av tidlegare Orkdal kommune. Hadde ikkje det skjedd, hadde Orkland vore på ein heilt annan stad når det gjeld næring og utvikling. Orkland skal fortsatt vere næringslivskommune nummer ein i Trøndelag, sa ho.

Ho kom og inn på kommuneøkonomi og slo fast at svært mange kommunar hadde store problem med å yte det lovbestemte tenestetilbodet for sine innbyggarar. Robek-lista, der statsforvaltaren kontrollerer lovligheta av årsbudsjettet og må godkjenne låneopptak og langvarige leigeforhold, begynner å bli lang, sa ho, men Orkland kommune skal ikkje vere på den lista, slo ho fast.

På ein eldres dag måtte og eldrepolitikk med, og i den samanhengen nemnde ho utfordringa med Snillfjord syke- og omsorgssenter. Det vart færre pleiepasientar da tidlegare Snillfjord vart delt i tre, og saman med vanskane med å få eit nødvendig antal fagpersonell, vart det uråd å halde oppe sjukeheimsdrifta ved SOS. Det er og store utfordringar med målsettinga om at eldre skal få bu i eigen heim så lenge som råd i grisgrendte strok. Det betyr at heimesjukepleien brukar mange arbeidstimar berre på køyring, og det er svært lite bærekraftig.

462886825 3416578418647113 2250047819870730641 n

Før neste foredrag vart det ei fin stemningsøkt med musikalsk underhaldning av Marit Selbæk, eit nytt, og veldig positivt, bekjentskap for Løkken pensjonistforening, og god tid til bruk på eit innhaldsrikt koldtbord, levert av Rosenvik.

462776509 3416578595313762 6358773547196500044 n

Simonsen Elektro, Simpro og Inission høyrer til i ei historisk næringskjede på Løkken. Olav Sigurd Kvaale tok for seg historia, og kunne fortelje at da Willy Simonsen etablerte Simonsen Elektro i 1980, var bedrifta den einaste som produserte mobiltelefonar her i landet. Han nemnde og at bedrifta kom til Løkken takka vere bekjentskap mellom Simonsen og Heyerdahl.

Olav Sigurd hadde med eit eksemplar av den første mobiltelefonen til Simonsen Elektro, som ei stor skulderveske,og som vog 7,5 kilo! Og så fekk vi sjå stadig mindre utgåver av telefonen, men med telefonrør – for munn og øyre!

Simonsen Elektro vart i 1990 kjøpt opp av eit kanadisk selskap, med produksjon i Hong Kong, og heile 55 personar mista jobben. Kva så? Ei gruppe tilsette bestemte seg for å starte eit nytt selskap, eit høgteknologisk selskap, som skulle produsere høgteknologiske komponentar for teknologiske bedrifter. Dermed vart Simpro skapt 1. april 1990 med Olav Sigurd Kvaale som dagleg leiar og seks medarbeidarar frå starten. Eit eksempel på kva dei produserte er Køfri-brikken, som var ein storordre gjennom mange år. Da Olav Sigurd Kvaale pensjonerte seg 1. april i 2011, hadde bedrifta 32 tilsette.

462685056 3416577805313841 3081702579180270851 n

Og den som førde Simpro vidare var Erik Dragset. Han er fortsatt leiar, men no heiter bedrifta Inission etter fusjon med svenske Inission. Dei har og kjøpt opp andre teknologiske bedrifter, og i dag har Inission 105 arbeidstakarar på Løkken. Og dei treng meir plass, sjølv om dei også har overtatt det gamle næringsbygget dei starta i.

Inission har no ni fabrikkar i fire land Norge, Sverige, Finland og Estland, og dei har kundar frå Rindal til USA, som han sa. Og verdigrunnlaget ligg fast: Presisjon – tillit – fleksibilitet – innstilling.

Inission har, som helsefaget, problem med å få tak i nok fagarbeidarar, og dei lærer no opp sine eigne. Haldning og verdiar er blitt med som tilsettingskriterium, og dei har no 20 vaksenlærlingar.

Og kva produserer dei? Eit utval: Komponentar til satelittar som svevar i verdensrommet, Køfri- brikken, etter ei topphald på fleire år, «Kompen» innan helseteknologi, eit slags fjernsyn til bruk for pasientar og pårørande, vart utvikla under pandemien, klavar for storfe og småfe som erstattar vanleg inngjerding, nødpeilesendarar for oljearbeidarar som er i helikopter til og frå arbeid, og så er Kongsberg-gruppen største kunden.

Inission på Løkken var beste fabrikk innanfor gruppa i fjor og har tenkt å bli det også i år, og dei var best innan robotikk og automasjon. « Look to Løkken» får nytilsette i konsernet høyre.

462686187 3416578428647112 8854246064017071393 n

Og så vart eldredagen avslutta med meir musikalsk underhaldning, kaffe og blautkake og trekking på årer.

 

Tekst: Mildrid Nesheim.

Bilder: Johanne Grønli

 

Red:RS

Annonser


Medlemmer