Elevane

Det første snekkerkurset (1946/47). 1. rekke fra venstre: Gustav Muan, Olav Gulla, Olav Maurbakk. 2. rekke fra venstre: Ola M. Sølberg, Bjørn Hellmann, (Hasle). 3. rekke: Arne Holte, Einar Helgeton, Arne Midtskog, Asbjørn Dragseth, Kjell Sundli.

Fortsettelse av intervju med Åse Gullvåg Hasle og Ingvar Hasle.


05.01.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Det var stor spreiing i alderen i dei første kulla på skolen, men jamt over var elevane flinke og arbeidssomme. Eg fekk gjennom at vi måtte prøve å komme gjennom pensumet for den 3-årige lærlingeskolen, og det gjekk Yrkesopplæringsrådet med på. Vi heldt på med dette nokre få år i starten. Utanfor Trondheim var vi den første yrkesskolen.

Elevane kom hovudsakleleg frå Meldal kommune, sjølv om det var enkelte som meinte vi tok inn for mange elevar frå andre kommunar, slik at eg måtte legge fram dokumentasjon over kvar elevane kom frå. Seinare vart elevtilgangen frå Meldal mindre, og eg meinte vi burde legge til rette for interkommunal drift, slik at kvar kommune etter skoleåret var slutt, betalte for sine ungdommar. Dette var styret positiv til. I 1956 var prisen for ein elevplass 1650 kroner. Og Rindal kommune betalte jamt først for sine ungdommar, for Rindal hadde minst pengar - - . Elevane måtte i tillegg betale for materialar.

Ein svært stor del av elevane budde på hybel, og dei fleste åt da middag på skolen. Vi hadde ikkje noko tilskott til middagsserveringa, så det var basert på sjølvkost, og vi greidde halde prisen nede. 2 kr. pr dag var prisen til å begynne med. Og kokka var flink, og ho såg ikkje mykje på det om timane vart mange og lange. Anna Gangstø var eigentleg skeiderske på Verket, men hadde vore mykje rundt og kokt i selskap og større lag.

Det var mykje arbeid å skaffe hyblar til alle elevane som trong det, og meir etter kvart som elevtalet auka. Dette var jo før det var særleg opplegg med skoleskyss. Kvar sommar sykla eg rundt på løkken og spurde o hyblar, og fekk etter kvart avtale med ein del huseigarar. Mange følte seg tryggare med ungdommar i husa. Men prisane var så låge at det neppe gav særleg inntekter - det var vel nesten tap for enkelte. Skolen prøvde å få til eit fast samarbeid med hybelvertane om tilsyn med ungdommane. Enkelte episodar vart det jo også gjennom åra, t. d. med heimebrenning på hybelen. Og vi fekk enkelte elevar frå Trondheim som ikkje kom inn på skole der. Jamt over var det lite problem med ungdommane. Men det var nokre få som fekk reisepass, der alvorleg samtale og åtvaring ikkje gav god nok effekt.

 

Planar om nybygg

Alt på eit av dei første møta i styret for skolen var spørsmålet reist om eventuelt nybygg. Kommunen hadde jo kjøpt det gamle Folkets Hus, men styret såg nok at bygget i lengda vart for lite. Styret var først med på ein tur til yrkesskolen i Østersund, der eg hadde gode kontakter. Seinare fekk eg stipend i 1952 til å reise og besøke yrkesskolar i Sverige og i Danmark, og Åsevar også med. Det var ikkje økonomi til noko luksuriøst opplegg, vi budde på ungdomsherberge og slepte og bar koffertar mellom tog og bussar. Vi besøkte ei rad yrkesskolar, og vi fekk sjå mykje og eg tok mange bilde som eg hadde utstilling av når eg kom heim igjen. Styret for skolen vart seinare med og besøkte enkelte av dei mest interessante av desse skolane.

 

Resten av intervjuet neste lørdag - "Frå heimefronten"

Fra årbok 42, utgitt av Meldal historielag i 2001.

Foto: Trøndelag Fylke

Red. BSE

Annonser


Medlemmer