Frå fattiggut til sorenskrivar

 

"Anders Rambech - husmannsguten som vart Eidsvollsmann". Del 2


12.10.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Var 1814 Medlem af Eidsvolds Rigsforsamling som 2den Repræsentant for Søndre Throndhjems Amt. Stortingsmand for samme Amt 1815, 18, 24, 27 og 28. Præsident i Odelsthinget i de 4 sidstnævnte Aar. Medlem af Stortingets Deputation til Trondhjem 1818. Døde 14. Sept. 1836.

Denne samtidige kjelda gir ufullstendig informasjon om bakgrunnen til Anders Rambech og om kvifor og korleis han kom i teneste hos sorenskrivar Krog i Meldal. 

Men Norsk Biografisk Leksikon, lokalhistoriewiki og bygdebokverket for Meldal utfyller bildet. 

Faren, Ole Olsen Graneng, var husmann på Granengen under storgarden Vollan på Kvikne som presten Anders Rambech budde på. Husmannen er også omtala som pliktsfogd, knytt til kopparverket, og det betyr at han var kontaktperson for pliktarbeid og pliktlevering som bønder og husmenn skulle gjere for kopparverket. Men presten var barnlaus, og ønskte at den gåvrike husmannsguten skulle overta namnet hans. 

fullsizeoutput 66be2

 

Til Meldal og sorenskrivar Krog kom husmannsguten alt i barneåra.

Enkelte seier han var berre 7-8 år då han kom, men mest truleg var han i 10-årsalderen. Det var jo ikke uvanlig at born vart sendt langt bort i teneste og til gjeting. Etter mi vurdering er det mest truleg at presten på Kvikne og sorenskrivaren i Orkdalen kjente kvarandre frå før, og kanskje til og med var i slekt.

Embetsmannsklassa omfatta berre rundt 2000 personer, og vi veit at mange var i slekt. Det gjaldt t.d. også Eidsvollsmennene. Slik kunne presten på Kvikne vere sikker på at guten kom på ein plass der han var velkommen og kunne få sjanse til å utvikle seg.

I alle fall må den gåverike guten ha gjort eit så godt inntrykk hos familien Krog på sorenskrivergarden Negard Stokke i Meldal at han vart ein stadig viktigare assistent på sorenskriverkontoret. Han må også ha fått hjelp til skolegang og til å studere i København.

Juridisk embetseksamen tok han så - med beste resultat - som 26-åring i 1793. Og når han så attpåtil hausten 1800 kunne gifte seg med sorenskriverdottera, Fredrikke Dorothea Krog (1774-1801), var det ikkje så uventa at han også same året fekk overta sorenskrivarstillinga etter svigerfar sin. 

  

Sorenskrivaren var ein sentral embetsmann i lokalsamfunna, og stillinga har ei historie tilbake til 1591.

Opphaveleg var han "svoren skrivar" (dvs. sekretær) for lagretten, men etter kvart vart det ei viktig dommarstilling som også fekk mange oppgåver knytt til arveskifte, tinglysningar, auksjonar etc. Frå 1736 vart det krav om at sorenskrivaren måtte ha juridisk universitetsutdanning. Sorenskrivaren tilhøyrde såleis overklassen i lokalsamfunnet, saman med presten og kapteinen.

Anders Rambech syntes å ha markert seg tydeleg på sorenskrivarkontoret i Meldal nokså raskt etter at studienevar ferdig. Frå 1741 hadde Negård Stokke vore sorenskrivargard for Andreas Christian Krog og sonen Nikolai Christian Krog, men denne garden vart selt i 1797, og den 66-årige sorenskrivaren kjøpte Oppigard Syrstad til ny sorenskrivargard.

Det er lett å tenke seg at fullmektigen og den komande svigersonen var aktivt med i den avgjerda.

Ved folketellinga i 1801 bur både den pensjonerte sorenskrivaren med kone og god pensjon, og den nytilsette og nygifte sorenskrivaren med kone, saman med nesten 70 familiemedlemmar, bønder, husmenn og tenestefork på gården.

Anders Rambech miste kona si etter knapt eit år.

To år seinare gifte han seg opp igjen, denne gongen med den 20-årige Johanne Drejer Nissen (1783-1863), dotter av rådmann Martinius Lind Nissen og Maren Laumann Krog. Far hennar var av solid jurist- og kjøpmannsslekt i Trondheim, og mora høyrde til same Krogslekta som Fredrikke Dorothea Krog hadde gjort.

Med henne fekk Rambech fem barn. Ein av dei, Nicolai Christian Rambech, fødd 1805, vart prest i Meldal 1832-1880.

 

fullsizeoutput 66f5

Av Eivind Hasle 

Fortsetter neste lørdag

Årbok 55, 2014. Meldal Historielag

Red: HSE

Annonser


Medlemmer