Frå "heimefronten"

 

Åse Gullvåg Hasle: -Det er vel lett å tenke seg korleis denne første tida på Løkken opplevdes for ei husmor med to småungar, og den tredje langt på veg.


12.01.2019 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Vi fekk bustad i 2. etasje i det gamle middelskolebygget, og det var vi glad for, for der var det varmt og innlagt toalett og bad, og det hadde vi ikkje hatt før. Noko av det jeg hugsar best, er at då vi akkurat hadde fått stabla inn møblane våre som kom etter frå Berkåk, og det vart fullt kaotisk på dei små romma i leiligheta, og med to småungar kravlande omkring, så kom Johan L. Strand innom. Han var jo formann i komiteen for skolen og var ansvarleg for mottakinga. Men samtidig hadde han denne søndagen takka av etter mange år som klokkar og hadde som avskjed fått en fin blomsterbukett. Men han fortalde kona etterpå at blomsterbuketten hadde hamna hos meg, fordi han syntest så synd på meg i den situasjonen han hadde sett då han stakk innom.

Ellers var det hardt å vere så bunden av som eg vart med ein mann som var opptatt frå morgon til kveld seks dagar i veka, og med to småungar på knapt fire og to år, og den tredje vart født i januar 1947. Og enda var det jo mangel på mange matvarer, og klesvarer var ikkje lett å få tak i. Lønna var vel 500 kroner månaden før oppjusteringa i 1948. Vi fekk ei ung jente til noko hjelp nokre månader, og eg hugsar ho skulle ha 50 kroner månaden, og ho gjekk da ut med dei to største ungane nokre timar. Det fantest jo ingen barnehagar den gongen. Det var ellers ikkje så lett å få ro på dagtid når minstejenta skulle sove, samtidig som det var fullt opp av realskole-elevar i huset og rundt veggene. Fru Blakstad, som no er over 90 år, var ei god nabokone og trufast barnevakt på Løkken når vi trong det.

Folk på Løkken vart eg først og fremst kjent med gjennom Johan L. Strand og kona Astrid. Så vart eg med i songkor ei tid, eit blandakor som Astrid Strand var med i, med Hilmar Strand som dirigent og seinare Lars Kvikne. Songøvingane var i "Furulund", men av og til møttest vi og heime hos kvarandre for å synge. I "Furulund" hadde koret også ein årlig fest, der Wollert Walstad var med og spela på trekkspel. To gonger var eg med på songarstemne, på Oppdal og i Leinstrand. Medan vi budde i middelskole-bygget, var eg og med nokre timar på trim med frøken Sommervold. Den vart arrangert på det gamle bakeriet like i sentrum.

Og så kom eg med i sanitetsforeninga, og de vart eg ganske aktiv. I 1954 var eg m.a. med og hadde ei stor utstilling av strikketøy på "Vi Kan"-utstillinga som vart arrangert i tilknytning til 300-årsjubileet for gruva.

I 1948 flytta vi frå Middelskolen opp i ny bustad i Løvby. Det var kommunen som skulle skaffe bustader for lærarar på Yrkesskolen. Så arrangerte skolen bygningskurs, for å sette opp tomannsbustaden, og etterpå hadde skolen målarkurs for å måle huset. Men etter at vi hadde flytta inn der, var framleis straumforsyninga knapp og upålitelig. Eg hugsar fleire gonger eg heldt på med brødbaking, og så gjekk straumen. Då fekk eg god hjelp av Johanna Haugen i nabohuset, som fyrte opp i vedomnen og var svært snill og hjelpsom.

På yrkesskolen var det ein pause midt på dagen, - truleg 3/4 time - og både når vi budde på Løkken og i Løvby kom Ingvar syklande heim til middag då. Då var tida så knapp at maten måtte stå på bordet! Etterpå kunne Ingvar legge seg rett ned på ei matte på golvet og ta ein liten strekk. Og syklinga hjelpte nok godt på kondisjonen!

I ettertid ser vi klart at det valet vi gjorde i 1946, om å flytte frå Sørlandet for å slå oss til i Meldal kommune, det har vi aldri hatt grunn til å angre på. Løkken Verk viste seg å være ein trivelig og god plass å bu.

 

Av Eivind Hasle (Basert på intervju 27/11-95) 

Fra årbok 42, utgitt av Meldal Historielag i 2001.

Red: HSE 

Annonser


Medlemmer