Han Litj-Per

 

Peder O. Bogevoll vart fødd på garden Bogevoll den 11. august 1899.


28.04.2018 - Hilde Stina Elshaug
Kategori: historie

Mor hans, Kersti, var søster til Even Jerpstad, Bortstuggu. Kjersti døydde da sonen var berre 14 dagar gammal. Det vart så at folka på Bortstuggu tok åt seg Per.

Han var fødd sterkt ufør i eine foten. På Bortstuggu var det fem søsken frå før. Ei av dei. Kari, døydde svært ung. Den eldste av søskena heitte også Per, så det vart stor-Per og litj-Per. Ho som vart fostermor kom frå Tøfte i Midtbygda i Meldal. Ei av døtrene heitte Ingeborg, liksom mora, så mora vart difor kalla stor-Innbør. For han Per var ho mor så god som nokon.

Det var veldig hardt å veksa opp med eit så stort kroppslyte på den tida. Det fanst ikkje hjelpeiddel av noko slag, slik som i dag. Per lærte etterkvart å gå, sjøl om han vart seinare enn andre ungar. Eg har høyrt at når han var med og leika så datt han ofte, og vart liggande langflat oppi lort og møkkruser. Nei, det var ikkje enkelt.

Men Per voks opp, og fekk ta del i det daglege arbeidet på garden. Det var helst i fjøset han lika seg best, men ellers tok han del i alt høveleg arbeid. Da den vonde foten vart mykje stuttare enn den andre, vart det til at han gjekk berre på stortåballen (jerken). Etter kvert vart huda under stortåa heilt beinhard. Det er nok ingen som forstår kva for smerte han Per hadde etter at han ble eldre.

Han følgde buskapen til og frå setra kvar einaste gong dei flytta. Kanskje eitt år eller to på slutten greidde han det ikkje. Først gjekk han med ein stav i handa, dei siste åra med to stavar. Setervegen var om lag 8 kilometer.

Eg ser han for meg når han var på setertur. Det var ei stor glede for han å få vera med Berit og buskapen. Han hjelpte til med mjølkinga og bar tunge spann. Seterdeiene på dei andre Jerpstadsetrene var alltid bedne fleire gonger kvar sommar utpå Bortstuggusætra. Og ingen kom derifrå utan å ha fått mat, uvanleg gjestfrie som dei var. Når så vi tok turen framatt til eigne setrer, var han Per alltid med “på vei”. i dei lyse sommarkveldane liksom skein det glede av han.

I ungdommen ville også Per vera med dei andre ungdommane på fest. Da hende det at han vart plaga. Men han sette sin lit til det sterke, faste følgjet sitt Endre og Rasmus, som forsvarte han.

Eg tror ikkje han gjorde noko menneske vondt. han var eit godt menneske. han hadde lett for latteren. Det hende han lo så han trilla overende. Standarduttrykket hans var: “No gjer e me over”.

Etter at dei måtte levere dyra på Bortstuggun, besøkte Per sin gode venn Ottar på setra.

Etter kvart dødde “søskena” til Per, og han vart att åleine. Det vart da han så han flytta attende til fødestaden Bogevoll, og døydde der i 1985.

 

Av Marit Rigstad

Fra årbok 33, utgitt av Meldal historielag i 1992.

Red: Hilde Stina Elshaug

 

Annonser


Medlemmer